Hødd tok leiinga ved Eirik Ulland Andersen etter 31 minutt.

Erik Sandal førte ballen oppover i bana og slo ut høgre til heimedebutanten. Det kunne sjå ut som Andersen fekk ballen litt for langt framfor seg, men i siste liten fekk han tåa ballen forbi Sandefjord-keeper Iven Austbø. Ballen sneik seg akkurat på rett side av Austbøs høgre stong.

Målet var Hødds første heimescoring i serien på 341 ordinære speleminutt! Sist Hødd scora i serien på heimebane var ved Steffen Moltu etter 50 minutt mot Mjøndalen 26. mai.

Stor Sandefjord-sjanse

Det første kvarteret var lite underhaldande. Hødd hadde eit visst grep om kampen, som då var prega av heller svakt tempo.

Så begynte spelet å ta seg opp. Etter 18 minutt fossa Eirik Ulland Andersen framover høgresida. Han slo 45 gradar ut til Bendik Torset, som burde ha scora frå kort hald. Dessverre avslutta 23-åringen til side for Sandefjord-buret.

Minuttet seinare brende Sandefjord ein endå større sjanse. Ja, det var nesten eit under at Martin Torp ikkje fann nettmaskene. Han stod umarkert inne i feltet eit par meter frå målet. Men innlegget frå Kristian Brix kom kanskje litt brått på. Ballen gjekk i alle tilfelle over Hødd-målet.

Frispark i nettveggen

Etter 1-0-scoringa noterte vi ein halvsjanse til Sandefjord, i tillegg til eit Eirik Ulland Andersen-frispark som gjekk i nettveggen. 1-0 halvvegs var greitt med tanke på at Hødd hadde initiativet store delar av omgangen.

Sandefjord-sjansar

Sandefjord skapte den første sjansen etter pause etter ei kontring. Altfor slapt forsvarsspel av Hødd førte til at Eirik Lamøy kom åleine med Andreas Lie, om enn frå noko skrått hald. Men avslutninga var for svak og gjekk i nettveggen.

Då var det spelt 52 minutt, og berre to minutt seinare fekk bortelaget ei ny moglegheit. Kommunikasjonstrøbbel mellom Andreas Lie og Steffen Moltu gjorde at Lamøy kunne ha pirka ballen i mål frå kort hald, men han fekk så vidt ikkje foten på ballen.

Hødd tok over

Hødd kom seg til hektene igjen og burde ha auka leiinga etter 62 minutt. Fleire Hødd-spelarar stod merkeleg umarkerte då Eirik Ulland Andersen slo ein corner frå høgre. Sivert Heltne Nilsen kom først på ballen, men avslutta over frå kort hald.

Like etter slo Joachim Magnussen ein smart stikkar til Andersen. Haldet var kort, men litt for skrått. Avslutninga gjekk til side for næraste stong.

Standal avgjorde

Mange venta kanskje ein skikkeleg sluttspurt frå Sandefjord, men utover i 2. omgang veksla laga på å ha initiativet. Og sjølv om eit farleg frispark signert Eirik Ulland Andersen kunne ha blitt heada vidare i mål av Steffen Moltu (rakk akkurat ikkje fram) noterte vi ingen nye sjansar før det 86. minutt.

Og då scora like greitt Hødd. Bendik Torset fann Espen Standal inne i feltet. Han fekk ikkje reint treff på ballen, men den sneik seg likevel i mål bak ein utspelt Iven Austbø.

Hødd vann dermed fortent 2-0 mot eit relativt middelmåtig Sandefjord-lag.

(Sjekk alle detaljane frå kampen i liveboksa til høgre).

KampfaktaAdeccoligaen, runde 19Hødd – Sandefjord 2-0 (1-0)HøddvollTilskodarar: 1427 selde billettar og sesongkortMål: 1-0 Andersen (31), 2-0 Standal (86).Dommar: Kim Rune Borgersen, Austad FKGule kort: Kristian Brix og Tijan Jaiteh (Sandefjord)Hødd (4-3-3): Andreas Lie – Jonas Ingebrigtsen, Jesper Törnqvist, Steffen Moltu, Ruben-Kenneth Brandal – Sivert Heltne Nilsen, Erik Sandal (Fredrik Aursnes 61), Bendik Torset – Eirik Ulland Andersen, Espen Standal (Franjo Tepuric 89), Joachim Magnussen (Andreas Rekdal 90).Sandefjord (4-5-1): Iven Austbø - Victor Bindia, Yaw Amankwah, Thomas Nielsen, Kristian Brix - Fenan Salcinovic (Cheikhou Dieng 46), Henrik Gustavsen, Martin Torp (Johan Gulliksen 66), Tijan Jaiteh, Eirik Lamøy - Cato Hansen (Kim Skogsrud 75).