Også denne gongen har Dimna invitert med seg utøvarar frå resten av krinsen. Utøvarar frå Ørsta, Ålesund, Valder og Norodd er med på turen. Treningsleiren varer i 14 dagar der det er lagt opp til to treningsøkter per dag.

– Gode forhold

– Det har vore flotte forhold med fint ver og gode baneforhold, melder trenar Arve Hatløy.

Stig Sæther, Bjørn Rolland, Hege Holstad og Przemyslav Kram er også med som trenarar. Kram er Marthe Mjøen Berg og Renate Grimstad sin trenar i Oslo. Han er også utøvarane sin fysioterapeut under treningsleiren.

Høgdetrening

Ein av dagane valde gruppa å dra opp til Teide og legge ei trening på 2.300 meters høgde.

– I flott sol vart det då ein lang og fin joggetur i rundt ein times tid. Her fekk dei kjenne på korleis det er å trene i den litt tynnare lufta Dette vart ei god økt – spesielt for distanseløparane som er med på turen. Dagen etter vi var oppe på fjellet her vart det uver i fjellet og det kom mykje snø i området. Om vêret i fjellet blir bra vil det nok bli ein tur til opp i fjellet mot slutten av treningsleiren, fortel Arve Hatløy.

Oppkøyring til UM

På stadion er det flotte forhold og Møre-troppen får gjennomført mykje god trening. Dette blir ei god oppkøyring både til innandørs-UM som går første helga i mars og utandørssesongen – som heller ikkje er så langt unna. Med sol og god temperatur er det gode forhold til sprint og hekketrening. Men også tekniske øvingar som lengde, høgde stav og spyd er det fine treningsforhold for.

– Det er internasjonalt her på stadion. Det er utøvarar frå fleire andre land som også har lagt treningsleiren sin til Tenerife. Denne siste veka har også ein stor tropp frå Hedemark, Oppland, Oslo og Akershus slutta seg til oss møringar, seier Arve Hatløy.

Dommarkurs

For å få litt fagleg påfyll vil kveldane dei siste dagane bli nytta til dommarkurs. Planen er at alle utøvarane skal vere ferdig utdanna krinsdommarar i løpet av treningsleiren.