Dokumentet blir lagt fram for formannskapet komande måndag.

Det er Sivilbeskyttelseslova som krev at kommunane skal lage slike analysar, som offisielt heiter «risiko- og sårbarhetsanalyser», forkorta til ROS.

I sakspapira står det at Hareidssamfunnet har om lag 30 store risikoområde innafor kategoriane «natur», «verksemd» og «sårbare objekt». Her er nokre utvalde glimt:

Snøskred, steinsprang og jordskred:

Skolmeklova kan rase ut. Ein viss snøskredfare i Skarbakken i Brandal, søraustsida av Hareidsdalen og søraustsida av Melshornet i Hjørungavåg. Steinsprang og jordskred har fleire gonger vore utløyst på strekninga ytre Hareid - Brandal - Kvitneset.

Flaum:

Hareidsdalen stikk seg ut som eit flaumutsett område, men flaumfaren er redusert etter at Hareidselva vart senka i 1983. Opparbeidinga av golfbana i Hovdemyrane har redusert området si magasineringsevne og kan gje raskare avrenning i Riseelva og mot Snipsøyrvatnet. Flaumproblematikken i Hareid er hovudsakleg knytt til bustadutbygginga på 1970- og 80-talet, der det vart lagt for lite vekt på avskjerande kanalar i dalsidene på oversida av busetnaden. Dette gjeld særleg i Geilane og på Bigset.

Stormflo:

Høgda på molo og tilhøyrande kaier i Hareid hamn er slik at ei stormflo ikkje har vore noko stort problem hittil. Men ei framskriving av havnivået med 52 cm innan 2001 vil gi store konsekvensar.

Åkneset:

Det rasfarlege fjellpartiet Åkneset ved Sunnylvsfjorden kan gi opp til 4-5 meter høge bølgjer i Hjørungavåg, litt mindre i Hareid sentrum og endå mindre i Brandal.

Vind:

Hareid har sidan Nyttårsorkanen i 1992 fått erfare fleire tilfelle ekstremvêr av vindfull karakter. Under orkanen «Berit» i november 2011 slo ei bølgje inn delar av fronten på snøggbåten «Tideekspressen» på veg frå Hareid til Ålesund. Månaden etter gjorde orkanen «Dagmar» stor skade på natur og eigedom. Det vart målt vindkast på 43,9m/s på Vigra. Stormen «Tor» inntok Hareidlandet 29. januar 2016. Også her vart det gjort skade på natur og eigedom, samt bortfall av straumnett, men skadane var på langt nær så omfattande som ved «Dagmar». Det er grunn til å vente seg fleire slike orkanar i framtida.

Brann i Hareid - gras/kratt:

Frå 2009 til 2015 har det vore 25 tilfelle av bygningsbrannar i Hareid. Det har ikkje vore registrert skogbrannar på 2000-talet. Derimot er det registrert 11 gras-/krattbrannar frå 2000 til 2009, medan det frå 2010 til 2015 var registrert berre tre slike brannar.

Radon:

Det oppstår helsefare når radongass  siv inn og konsentrerer seg innandørs. Hareid har eit moderat til lågt radonnivå. Men nokre område er usikre.

Eksplosjonsbrannar:

Dei viktigaste verksemdene i Hareid med risiko knytt til eksplosjon og utlepp av giftig gass, er: Pelagia Liavåg (ammoniakk), Hareid fryselager (ammoniakk), Godsterminalen (hydrogenperoksyd), Circkle K (bensin, diesel, propan)og Franzefoss (spesialavfall).

Farleg avfall:

Fleire stader i kommunen er grunnen forureina. Det gjeld bl.a. ved tidlegare Hjørungavaag Verft.

Landbruk:

Avrenning frå gjødselspreiing har ført til stor forekomst av sopp og algar i mellom anna Nerlielva, Hjørdalselva og Riseelva. Og det er ei kjend problemstilling at Hjørungdalsvatnet har vore sterkt prega av giftproduserande blågrønalgar.

Farleg transport:

Farleg last finst jamnleg både på fylkesveg 61 og på ferjene.

Avfall:

Det finst ingen avfallsdeponi i Hareid i 2016. Tidlegare var der eit deponi i Hareidsmyrane nær Hareid ungdomsskule. Avfallet her er nedgrave. Grunnvatnet kan vere forureina, men her er ikkje uttak av drikkevatn.

Demningar:

Ingen demningar i Hareid er så store at eit demningsbrot vil få dramatiske konskevensar.

Dødsulykker i trafikken:

TRAFIKKTRYGGLEIK

Trass i eit meir omfattande trafikkbilete har tal på personskadde og døydde i trafikken i Hareid gått ned.

Skipskollisjonar:

Farvatnet er reint, men kollisjon mellom fartøy og land har fleire gonger funne stad ved Hareid ferjeleie, utan alvorlege personskadar.

Terror:

Lite sannsynleg at Hareid er eit mål for terror.

Truslar på arbeidsplassen:

Det blir stadig meir vanleg med vald og truslar på arbeidsplassane i Noreg, melder Arbeidstilsynet, og særleg i tenesteytande næringar.

Epidemiar og pandemiar:

Ein variant av H1N1-viruset utgjer i dag eit av dei vanlege sesonginfluensavirusa, og er derfor sidan 2010 inkludert i den årlege influensavaksinen. I følgje Folkehelseinstituttet må ein vere budd på at ved ein ny influensapandemi vil 30-50 prosent av befolkninga bli smitta i løpet av det første halvåret, og at halvparten av desse blir sjuke og sengeliggande.

Tunnelulykker:

Tunnelen i Engeskardet (25 m) er i svært dårleg stand og krev vedlikehald snarast. Her er lause steinmasser – og tunnelhøgda held ikkje dagens standard. Utbetring er utfordrande på grunn av massetypen i fjellet over tunnelen og ein gjennomgåande nedgraven høgspentkabel.

Bruer:

Minst 3 bruer i Hareidsvassdraget har stort behov for teknisk kontroll av sertifisert personell. Tilstanden på bruene er uviss, men med tanke på alder og bruksfrekvens er det sannsynleg at dei ikkje oppfyller dagens krav. Det same gjeld dei  to bruene i Brandal.

Avløp:

Teknisk avdeling ved Hareid kommune melder at avløpsnettet sitt mest sårbare punkt er tett rørnett, som kan føre til at avløpsflaum i kjellarar.

Data-kommunikasjon:

All kommunikasjon mellom kommunen og internett eller offentlege nett går via node på rådhuset med direkte kopling til ekstern fiber. Straumbrot på rådhuset, også naudstraumsaggregat, vil kunne føre til at all datakommunikasjon i heile den kommunale organisasjonen fell bort. Tenesteproduksjon og administrativt arbeid i heile organisasjonen vil vere utilgjengelig. For omsorgsområde kan dette skape direkte store konsekvensar ved at dei ikkje få tilgang på mellom anna pasientjournalar i akutte situasjonar.