- Men det er vel omtrent den same situasjonen som vi var i sist kamp. Våre to spelarar frå Usbekistan fekk ikkje visum til Norge, sjølv om dei får det til alle andre land, sa Nikitenko på dagens pressekonferanse (via tolk).

Mellom anna NFF-generalsekretær Kjetil Siem har hinta om at visum-nekten var eit «takk for sist».

«Mellom linjene ser dette ut som et takk for sist, siden laget fra Kasakhstan ikke fikk innreisetillatelse for to spillere fra Usbekistan før i siste liten før hjemmemøtet med Hødd. Men for dem gjelder det andre regler. Det er nok tettere bånd mellom fotballklubbene og myndighetene i dette landet enn hos oss» sa blant anna Siem til TV 2 i går.

Nikitenko var ikkje veldig ivrig til å prate mykje om dette temaet.

- Eg har ikkje peiling på politikk, sa Aktobe-trenaren – like før pressekonferansen vart avslutta.

Tidlegare i sekvensen fortalde Nikitenko at han var positiv med tanke på å slå ut Hødd samanlagt:

- Varmen vil nok vere vanskeleg for begge lag. Vi satsar på eit bra resultat i morgon.

Aktobe har to tap og spelt éin uavgjort på sine tre siste kampar.

Lokale gutar i Aktobe.
Stadionet til Aktobe, sett utanfrå.