Allereie etter eit par minutt var ballen i mål på Komplett.no Arena. Men då Iven Austbø slo Erik Sandals corner i mål, dømte dommaren eit korrekt frispark til keeperen.

Sjølv om heimelaget hadde eit lite spelemessig overtak i første del av omgangen, skapte dei få sjansar. Etter 16 minutt prøvde Steffen Moltu å slå tunnel på Cheikhou Dieng, som endte med at Dieng kom åleine med Andreas Lie. Men vinkelen vart for skrå og Dieng sendte ballen utanfor.

4 minutt seinare slo Akeem Latifu inn til Joachim Magnussen, som fekk dempa ballen på 8 meter, men Hødd-vingen hadde to mann på seg, som fekk forstyrra han nok til at avslutninga endte utanfor.

Etter 32 minutt kontra Hødd og Erik Sandal banka til frå 30 meter. Avslutninga gjekk i stolpen og ut til Helland som skaut rett på keeper.

3 minutt seinare drog Sandal til på volley frå 25 meter, denne gangen gjekk ballen nokre centimeter over mål.

Etter 38 minutt løsna det endeleg for Sandal. Helland og Latifu kombinerte fint på høgresida før Latifu slo ut til Sandal som kom på 15 meter og banka ballen i mål. 0-1.

Rett før pause kontra Hødd etter eit Sandefjord-frispark. Espen Standal sprang med ballen frå midtsirkelen og fram til 16-meteren før han slo til Sandal som slo tilbake til Standal på 1-touch. Sandal banka inn Hødds andre mål. 0-2.

Mållaus andre omgang

Etter kvilen heldt Hødd fram i same sporet. Bunnsolid og kompakt defensivt og farlege, effektive kontringar.

4 minutt ut i omgangen feilrekna Sandefjords Alexander Gabrielsen ein høg bal og Standal snappa ballen på 16-meteren. Avslutninga gjekk dessverre i klypene til Iven Austbø.

Etter 61 minutt heada Cheikhou Dieng frå 8 meter, utan å skape trøbbel for Andreas Lie.

Sellin kom til ein halvsjanse 4 minutt seinare, men Lie hadde full kontroll i Hødd-målet.

Minuttet etter jakta Erik Sandal sitt andre for dagen då han kombinerte med Helland og kom åleine med Austbø. Vinkelen vart diverre for spiss for playmakeren.

I det 77. minutt fekk innbyttar Rune Ertsås ballen på 16-meter frå Helland, men ein dårleg touch øydela scoringsmoglegheita. Ertsås fekk slått tilbake til Helland som chippa mot krysset, men Austbø boksa vekk ballen.

Minuttet etter stod ex-høddspelar Kjell Rune Sellin for Sandefjord sin største målsjanse då han skaut over på volley frå 16-meter.

Dei siste 10 minutta satsa Sandefjord hardt på redusering, men Hødd stod løpet ut og inntok 3. plassen på tabellen.

Kampfakta

1. divisjon 13. runde, 24.06.13

Sandefjord - Hødd 0-2 (0-2)

Mål: Erik Sandal (38.) og Espen Standal (44.)

Komplett.no Arena

Dommar: Anders Gjermshus

Gult kort: Ruben-Kenneth Brandal, Rune Ertsås og Victor Demba Bindia (Sandefjord)

Hødd (4-3-3): Andreas Lie - Akeem Latifu, Jesper Törnqvist, Steffen Moltu, Ruben-Kenneth Brandal - Fredrik Aursnes, Sivert Heltne Nilsen, Erik Sandal (Bendik Torset 80.) - Pål André Helland (Tobias Vibe 88.), Espen Standal (Rune Ertsås 63.), Joachim Magnussen.