- Vi har spelt fleire kampar utan siger. I dag var vi meir kyniske og spelte meir vakse, spesielt i 2. omgang, sa ein nøgd Hødd 2-kaptein Pål Skeide til lokalavisa etter kampslutt.

Skeide stod for Hødd si utlikning etter 21 minutt. Henrik Gjengår slo eit hjørnespark frå venstre. Ballen gjekk via Franjo Tepuric før Skeide sende ballen over mållinja frå kort hald.

Sjansefattig 1. omgang

Utlikninga kom berre fem minutt etter Sunndal sitt leiarmål. Ole Monrad Alme redda først eit frispark frå bortelaget si venstreside. Men ingen klarte å klarere returen. Dermed kunne Andreas Hustad enkelt score frå kort hald.

Sett vekk frå måla vart det skapt lite før pause. Spelet bølgja fram og tilbake med eit lite overtak til Hødd. Nils-Erik Engen var nok nærast scoring etter 1-1. Først redda Sunndal-keeper Bendik Reitan flott etter eit hardt skot frå Engen. Like etter fekk midtbanespelaren tilbake ballen, men då sleiva han den utanfor.

Innbytar vart matchvinnar

I 2. omgang handla det stort sett om Hødd. Pål Skeide kunne blitt tomålsscorar etter 51 minutt, men verken han eller Franjo Tepuric klarte å overliste Sunndal-keeperen etter eit godt slått frispark frå Henrik Gjengår. Fem minutt seinare var Nils-Erik Engen frampå igjen, men Reitan i Sunndal-buret redda.

Sunndals einaste skikkelege sjanse i 2. omgang kom etter 58 minutt. Eit skot frå Andreas Hustad hadde god retning, men det sneik seg over lengste kryss.

Etter 66 minutt kom Mats Øvrebotten på bana. Ørstingen brukte ikkje lang tid på å presentere seg. Berre minuttet etter bytet avslutta han like utanfor. Øvrebotten rakk også å få gult kort før han vart matchvinnar etter 77 minutt. Sunndal-keeperen gav først retur på eit skot frå Nils-Erik Engen. Ballen kom inn igjen i feltet. Der stod Øvrebotten klar og pirka kula i mål frå kort distanse.

- Klart best

Hødd spelte klokt i sluttminutta og Sunndal var vel eigentleg aldri nær ved å lage spenning i denne 3.-divisjonskampen.

- Vi burde ha scora fleire mål. Men vi var klart best og sleit oss til tre poeng til slutt. Det var godt å vinne denne kampen. Alle på laget trengde det, meiner Pål Skeide.

Kapteinen legg til at det pri 1 er å halde plassen i 3.-divisjon. Eit lag som Hødd 2 bør for all del ikkje rykkje ned.

- Tenkjer ikkje a-lag

Medan a-lagsspelar Franjo Tepuric var den som skuffa mest, synest lokalavisa Nils-Erik Engen og Pål Skeide var dei to Hødd-spelarane som klarte seg best mot Sundal. Engen var veldig løpsvillig og pasningssterk, og mangla berre målet på å spele ein svært god 3.-divisjonskamp. Skeide styrte spelet godt frå sin sentrale midtbaneposisjon. Han gav også god motstand i duellane og scora eitt mål. Både Engen og Skeide sat på benken under a-lagskampen mot Strømmen søndag.

- Eg tenkjer ikkje på a-laget no. Det får kome seinare. Eg har jo slite mykje med skadar denne sesongen, seier Skeide.

Kampfakta3.-divisjon avdeling 9Hødd 2.-lag - Sunndal 2-1 (1-1)Høddvoll kunstgrasTilskodarar: 30Mål: 0-1 Hustad (16), 1-1 Skeide (21), 2-1 Øvrebotten (77)Dommar: Øystein S. Ytterland, IL Valder - 7Gult kort: Øvrebotten, Hødd.Hødd (4-3-3): Ole Monrad Alme - Torvald Ringstad, Markus Hjorthaug, Mathias Grimstad, Alexander Eksund - Nils-Erik Engen, Pål Skeide, Henrik Gjengår (Eirik S. Kristiansen 66) - Bendik Rise (Mats Øvrebotten 56), Franjo Tepuric, Martin Mork Breivik.*** Nils-Erik Engen** Pål Skeide* Alexander Eksund

Andre 3.-divisjonsresultat i dag: Brattvåg - Kristiansund II 1-0, Aalesund II - Stranda 7-0.

Adeccoligaen: Bryne - Stabæk 1-2