Bortelagets George White, som var på prøvespel i Hødd tidlegare denne sommaren, sende dei tilreisande til himmels tjue minutt før full tid, men heimelaget skulle vise seg å vere vanskelege å slå på Høddvoll.

På hans første touch på ballen stanga Franjo Tepuric inn 1-1 fem minutt etter Whites skåring. Det såg ut til å gå mot Hødds første uavgjort på Høddvoll i årets sesong, men langt inn på overtid kom avgjersla.

Midtstoppar Steffen Moltu kasta seg framfor ei klarering på streken, og med litt tur gjekk ballen rett i nota bak forsvarsspelaren.

- Dette må vel vere årets mål vil eg tru, spøkjer Moltu om overtidsskåringa før han rettar seg opp og tek på alvorsmaska:

- Av ein eller anna grunn tek forsvararen ned ballen og då kastar eg fram foten. Eg er vel kanskje litt heldig, men det blir jo mål av det.

- Viste moral

I første omgang bølgja det bokstaveleg talt fram og tilbake på den søkkvåte Høddvoll-matta. Strømmen hadde på ingen måte mista gnisten trass i det tunge regnvêret.

- Det blir ein slitekamp. Strømmen skapte faktisk ein del på oss og det var ganske jamt, men vi skal vere nøgde med at vi tek tre poeng i dag, utdjupar Moltu.

Slik kampbiletet utvikla seg, fekk forsvarsrekka mykje å gjere ifølgje Steffen Moltu.

- Det vert ein del lange ballar og duellar. Då vi kom under 1-0 så meiner eg at vi viste moral då vi snudde kampen, rosar han.

Nøgd med målskilnaden

Etter ti seriekampar på heimebane har Hødd skåra elleve mål, medan ni mål har gått den andre vegen. At Hødd ikkje skårar meir enn litt over eitt mål i snitt på heimebane er ikkje Moltu uroa over, så lenge målskilnaden er positiv.

- Eg føler egentleg vi har balanse på eit vis. Vi er forholdsvis solide defensivt og skårar i alle fall jamt, kommenterer matchvinnaren.

- Er det litt for lite mål framover og litt for mange bakover?

- No spør du vanskeleg, men eg trur at så lenge vi har ein positiv målskilnad så skal vi vere nøgde.

* Les også: Hødd-siger på overtid