Det var i oktober 2016 Glen Børge Løset Flø, ein tidlegare elev ved Hasund barneskule og Ulstein ungdomsskule, tok Ulstein kommune til retten for det han meiner er ein øydelagd oppvekst grunna mobbing. Han meinte kommunen ikkje hadde gjort nok for å få bukt med problemet.

Ulstein kommune blei i Sunnmøre tingrett dømde til å betale totalt om lag 2 millionar kroner i erstatning til Glen Børge Løset Flø. 6. desember 2016 kom meldinga om at Ulstein kommune ønskte å anke dommen, noko som førte til mykje sinne frå fleire delar av landet.

Les også: Ulstein kommune får flengjande kritikk

Dømt igjen

Dermed kom saka opp i Frostating lagmannsrett i Ålesund i august i år. Etter ei tung veke i retten gjekk partane kvar til sitt, og i dag, onsdag 4. oktober var dommen klar.

Ulstein kommune er;

1. Dømt til å betale Glen Børge Løset Flø erstatning for personskade på kroner 1.310 876, innan to veker frå dommen blei klar.

2. Dømt til å betale utgift til sakkyndig vurdering med 12.300 kroner til Glen Børge Løset Flø innan to veker frå dommen blei klar.

3. Dømt til å betale sakskostnader for tingretten til Glen Børge Flø med 207.111 kroner innan to veker frå dommen blei klar.

4. Dømt til å betale sakskostnader for lagmannsretten til Glen Børge Flø med 396.927 kroner innan to veker frå dommen blei klar.

Til saman 1.927.214 kroner.

Berre delvis medhald

Anken har ifølgje rettadministrator Dag Brathole berre delvis ført fram. Flø har ikkje vunne saka fullt ut.

Men, lagmannsretten finner imidlertid at han har fått medhald av betydning, jamfør tvistelova § 20-3. Han har fått medhald i spørsmålet om ansvarsgrunnlag og årsakssamanheng, og han er tilkjent ei betydeleg erstatning.

Tungtvegande grunnar talar for at han tilkjennast sakskostnader, jamfør tvistelova § 20-3 jf. § 20-2 tredje ledd bokstav c. Ulstein kommune blir dømt til å dekke Flø sine sakskostnader i sin heilskap.

Tek dommen til etteretning

Ulstein kommune ved ordførar Knut Erik Engh (Frp) seier i eit svar til Vikebladet Vestposten at dei førebels tek dommen til etterretning.

- Vi treng tid til å studere premissane for dommen før vi kan kommentere den ytterlegare.

Les også: Rettssaka er i gang

Les også: Dag to av ankesaka i lagmannsretten

Les også: - Han blei piska med våte handdukar

Les også: Dag tre av ankesaka

Les også: Godtok ikkje tilbodet frå Løset Flø

Vikebladet Vestposten kjem med meir om denne saka.