Hødd slapp ikkjeSandefjord til mange sjansane og scora to sjølv. Det heldt til  ein sterk bortesiger i Sandefjord.

Måla kompå gunstige tidspunkt rett før pause, ogetter kvilen kontrollerte Hødd kampen.

– Vi opptrer klokt.Vi tar vekk overgangane deira og litt av brodden til Sandefjord. Eg synest vispelar ein veldig vaksen kamp, seier Nilsen til Vikebladet Vestposten.

- To flotte mål

Trenaren meiner lagetvant fortent på den flotte grasmatta i Sandefjord. Etter tre kampar medbaklengsmål greidde Andreas Lie endeleg å halde Hødd-buret reint.

Framover skapte også laget fleire sjansar enn dei klarte å score på denne gongen.

– Dei skapar nesten ingenting. I dag kjem vi også til mange sjansar. Vi brenn fleire kjempesjansar, menscorar to flotte mål, seier Nilsen.

Som trenar, så kaptein

Jesper Törnqvistleverte ein ny god kamp i rekke med Steffen Moltu bakarst. Hødd-kapteinenmeiner spelarane stod fram då det trongst.

– Vi gjer to viktigemål og rir av stormen etter det. Det var ein solid kamp, seier finnen.

Målet til trenarNilsen om å stoppe Sandefjord sine offensive spelarar lykkast, og ein viktig mann på midtbana var Sivert Heltne Nilsen.

Voldingen spelte endå ein kamp der han sprang dei nødvendige metrane, gjorde dei riktigetaklingane og han heldt tenningsnivået akkurat der han måtte.

– Vi følgjer kampplanenheilt til punkt og prikke. For min eigen del synest eg det gjekk bra. Etter pausehandla det om å ta tak og styre kampen, summerer midtbanekrigaren opp.

Heltne Nilsen avslørar også at han hadde gått med ei god kjensle heile dagen, før det som kan seiast å vere ein av dei vanskelegastebortekampane i 1.-divisjon.