* 0-1, 25.min: Etter ei rekkje dårlege klareringar fann Simen Rafn sitt innlegg foten til Robert Stene på bakarste stolpe.

Hødds lag (3-5-2):

Andreas Lie - Jesper Törnqvist, Tobias Vibe, Steffen Moltu - Akeem Latifu, Fredrik Aursnes, Sivert Heltne Nilsen, Erik Sandal, Ruben-Kenneth Brandal - Espen Standal, Franjo Tepuric.

Benk: Jan-Lennart Urke, Rune Ertsås, Robin Hjelmeseth, Eirik Heltne, Andreas Rekdal, Bendik Torset, Joachim Magnussen.

Oppsummering 1. omgang

Gjestene frå Fredrikstad var farlegast frampå i opningsminutta, og spelte seg fram til nokre farlege halvsjansar.

Farlegare skulle det bli då Hødd miste oversikta inne i sitt eige målfelt med halvspelt førsteomgang. Etter noko som kunne likne på eit mislukka skot frå Simen Rafn, dukka Robert Stene opp på bakarste stolpe og banka inn 1-0 for bortelaget.

Ruben-Kenneth Brandal kunne ha lada balanse i rekneskapen då han fekk ei tå på eit frispark frå Erik Sandal, men keeper Masalin var med på notane.

Nokre minutt seinare kunne Sandal sjølv ha utlikna for Hødd, men ei kjemperedning frå Masalin hindra skåring.

Også Vibe testa skotfoten minuttet seinare, men avslutninga suste forbi keeperens høgre stolpe.

Utover i omgangen kom Hødd seg meir inn i oppgjeret, men det heilt store overtaket klarte dei aldri å få.

Oppsummering 2. omgang

Lars Arne Nilsen såg seg nøydd til å gjere endringar i pausen for å svare leiinga til Fredrikstad, og sette innpå Joachim Magnussen etter kvilen.

Med timen spelt kunne Jesper Törnqvist ha banka inn 1-1 for Hødd etter eit innlegg frå høgre, men lagkamerat Franjo Tepuric stod i vegen for kapteinen sin.

Akeem Latifu heldt på å kløne det til då han i det 69. speleminuttet bomma på eit tilbakespel til Andreas Lie, men høgrebacken fekk rydda opp sin eigen feil.

Eit kvarter før full tid kunne Haitam Aleesami ha punktert kampen for Fredrikstad då han tråkla seg gjennom Hødds forsvar, men avslutninga hans gjekk ufarleg utanfor Lies venstre stolpe.

Etter eit frispark frå Sandal kunne Franjo Tepuric ha fått eit nytt mål i heimedebuten sin, men ein forsvarar fekk heada unna til hjørnespark.

Dryge fem minutt seinare kunne same mann ha sørgja for eitt Hødd-poeng, men headinga hans gjekk like over tverrliggjaren.

På overtid kom Joachim Magnussen seg til ein kjempesjanse, men skotet gjekk ut til eit hjørnespark.

Adeccoligaen, 17 rundeHødd – Fredrikstad 0-1 (0-1)HøddvollTilskodarar: 1539 selde billettar og sesongkortMål: 0-1 Robert Stene (25)Dommar: Kai Erik Steen, Gneist ILGule kort: Sivert Heltne Nilsen (Hødd)

Hødd (3-5-2): Andreas Lie - Jesper Törnqvist, Steffen Moltu, Tobias Vibe (Joachim Magnussen, 46) - Akeem Latifu, Sivert Heltne Nilsen, Fredrik Aursnes, Erik Sandal (Andreas Rekdal, 84), Ruben-Kenneth Brandal – Franjo Tepuric, Espen Standal (Rune Ertsås, 71)