1-0, 5. min (Davydov): Hødd står høgt med laget og blir kontra i senk. Ein Aktobe-spelar kjem seg mellom Törnvist og Moltu, før han sender ballen til ein annan Aktobe-spelar som scorar åleine med Lie.

2-0, 61. min (Davydov): Eit innlegg frå venstre vert heada i lengste hjørne.

Oppsummering 1. omgang

Aktobegjekk rett i angrep og truga Hødd allereie etter nokre sekund.Lie feilrekna einball, og ingen andre høddarar fekk klarert skikkeleg. Davydov skaut frå korthald, men Lie fekk reinska unna.

Heimelagetvar derimot ikkje ferdige. I det 5. speleminuttet stod Hødd høgt med laget, ogvart kontra i senk. Ein Aktobe-spelar kom seg mellom Törnqvist og Moltu, ogsende ballen vidare til Davydov - som sette ballen i mål åleine med keeper Lie.

Høddmåtte tole å få pipekonsert frå heimepublikum utover kampen, men rista av segmotgangen både på og rundt banen.

Etterå ha fått ein kalddusj i opninga, spelte Hødd seg meir og meir inn i oppgjeret,sjølv om dei ikkje klarte å skape dei heilt store sjansane.

Medom lag ein halvspelt omgang sørgja keeper Lie for at det framleis stod 1-0 iAktobe. Etter eit angrep på heimelagets venstreside vart ballen slått inn ifeltet. Ein Aktobe-spelar fekk lada kanonen og klemde til mot mål frå ti metershald, men Lie varta opp med ei fantastisk redning.

Gjestene var definitivt med i kampen siste halvdel av første omgang.

Oppsummering 2. omgang

Med om lag52 minutt spelt kom Pål André Helland til ei brukbar innleggsmoglegheit. DenRBK-klare vingen sikta på pannebrasken til Joachim Magnussen, men spissenklarte ikkje å styre ballen på mål.

Dryge timinutt seinare skåra Davydov endå ein gong for vertane, og dobla leiinga forAktobe. Skåringa kom etter at spissen stussa eit innlegg frå venstre i detlengste hjørnet.

Eitkvarter før full tid kunne Kapadze ha avgjort kampen for Aktobes del. Spelarenkom kom mutters åleine mot Lie, men nølte og rota ballen over sidelinja.

Dryge treminutt før full tid sette Aktobe ballen i mål, men skåringa vart annullert foroffside.

Sjølv omHødd var brukbart med i sluttminutta, klarte dei ikkje å få det nødvendigemålet. Europaligaeventyret til Hødd er dermed over for denne gongen.

Hødds lag:

AndreasLie - Andreas Rekdal, Tobias Nygård Vibe (Bendik Torset, 64.), JesperTörnqvist, Steffen Moltu, Ruben-Kenneth Brandal - Pål André Helland, ErikSandal, Fredrik Aursnes, Joachim Magnussen (Robin Hjelmeseth, 85) - Espen Standal (RuneErtsås, 63.).