Hødd skal som kjent reise austover for å spele bortekampen i andre kvalifiseringsrunde i Europa League.

Trekninga i Sveits plasserte Hødd i kamp mot vinnaren av oppgjeret mellom Aktobe frå Kazakhstan og Gandzasar Kapan frå Armenia.

To lag som berre dei spesielt interesserte har kjennskap til frå før. Hødd-spelarane er ikkje i den kategorien.

– Eg har null peiling. Så ærleg skal eg vere, seier Erik Sandal rett ut.

Lang reise

Sjølv om måndagens målskårar mot Sandefjord ikkje veit stort meir om laga enn kva dei fleste nordmenn gjer, gler han seg likevel til å spele kampen.

Reisinga er han derimot ikkje så lysten på.

– Det blir spanande. Det er noko vi ikkje har vore borti før. Det er ein ny kultur vi møter og det blir ei lang reise, seier midtbanespelaren.

Som meiner å ha høyrt at Sogndal-spelar Malik Mane har spelt, og blitt toppskårar, for Aktoba frå Kazakhstan.

Eit kjapt søk kan stadfeste dette. Med sine 12 seriemål i 2011-sesongen vart den dåverande leigesoldaten frå Sandefjord klubbens mestskårande spelar, seks mål bak toppskåraren i ligaen.

Ønskte Rubin Kazan

Heller ikkje Jesper Törnqvist veit kva som møter Hødd når dei reiser til ytterkanten av UEFA-området i aust.

Men han trur ikkje det er dårlege lag som ventar i Asia.

– Det blir interessant. Ingen av stadane er typiske reisemål for oss. Eg veit ikkje kva nivå dei held. Dei er heilt sikkert gode, men det er ikkje noko storkanon vi møter, vedgår Törnqvist.

– Skulle du ønskje at de hadde møtt ei storkanon?

– Det hadde vore kjekt å møtt Rubin Kazan, men det er sportsleg bra å møte ein slik klubb, konkluderer Hødd-kapteinen.