Dei første 20 minutta var lite innhaldsrike. Hødd gav bortelaget god kamp i banespelet, men ingen av laga skapte sjansar. Heimelaget hadde flest "tilløp" til gode moglegheiter, men dei sleit med å spele ut eit kompakt Glimt-forsvar.

Sjansar begge vegar

Så skjedde det meir framfor måla til begge laga. Dagens første halvsjanse kom då Ruben Imingen heada over etter eit frispark. Då var det spelt 24 minutt. Tre minutt seinare kom Thomas Jacobsen til godt skothald, men han sleiva ballen over Hødd-målet. Etter 32 minutt fekk Espen Standal ei brukbar moglegheit frå kort, men noko skrått hald. Toppscoraren sende ballen ut til innkast. Like etter avslutta Ruben-Kenneth Brandal frå tolv meter. Glimt-keeper Noring gav ein retur som Standal lukta på, men ikkje fekk gjort meir ut av.

Trippelsjanse til Glimt

Kampen bølgja fram og tilbake. Sju minutt før pause var det smått utruleg at bortelaget ikkje tok leiinga. Hødd stod ikkje tett nok opp i motspelarane etter eit hjørnespark. Andreas Lie leverte to fantastiske redningar på rappen før det tredje forsøket frå gultrøyene gjekk over mål.

Hødd tok leiinga

Fire minutt etter at Glimt burde tatt leiinga fann Hødd nettmaskene. Jonas Ingebrigtsen kasta inn frå høgresida. Steffen Moltu stussa ballen vidare inn i feltet, der spelarar frå begge lag stod tett i tett. Sivert Heltne Nilsen fann ei luke og heada ballen i mål frå kort hald. Dermed 1-0, som også var pausestillinga.

Bodø/Glimt kom best i gang etter pause og skapte gode moglegheiter etter både 53 og 57 minutt. Først redda Andreas Lie eit skot frå Thomas Jacobsen. Deretter var det Steffen Moltus som redda på streken etter eit farleg skot signert veteranen Christian Berg.

På den tredje ...

Utover i omgangen jamna kampen seg utan. Begge laga hadde nokre brukbare angrep, men dei store sjansane var fråværande heilt til innbytar Andreas Rekdal avslutta frå godt, men noko skrått hald etter 81 minutt. Avslutninga sneik seg til side for lengste stong. Like etter leid ei brukbar avslutning frå Espen Standal same skjebne.

Ørstingen skulle få ei glimrande moglegheit til å setje inn 2-0 berre sekund seinare (framleis i det 82. minutt). Standal kom åleine mot Viktor Noring, men Glimt-sisteskansen redda den slappe lobben.

Men toppscoraren skulle få sin tredje sjanse på to minutt. Glimt-forsvaret var ute av balanse. Standal skar inn frå høgre og scora enkelt.

Redusering på straffe

I det 85. minutt fekk Bodø/Glimt straffe då Vegard Braaten vart lagt i bakken (eller snubla han i seg sjølv?). Innbytar Jim Johansen var både trygg og elegant frå 11-meteren. Dermed 2-1.

Som også vart sluttresultatet.

Dette var Hødd sin andre strake siger, medan Bodø/Gliimt fekk seg éin i fleisen etter 12 sigrar på rappen.

KampfaktaAdeccoligaen, runde 22Hødd – Bodø/Glimt 2-1 (1-0)HøddvollTilskodarar: 1735 selde billettar og sesongkortMål: 1-0 Nilsen (42), 2-0 Standal (84), 2-1 Johansen (86)Dommar: Martin Lundby, Bøverbru ILGult kort: Torset og Lie, Hødd. Antwi og Jacobsen, Glimt.Hødd (4-3-3): Andreas Lie - Jonas Ingebrigtsen, Jesper Törnqvist, Steffen Moltu, Ruben-Kenneth Brandal - Sivert Heltne Nilsen, Bendik Torset, Erik Sandal (Andreas Rekdal 78) - Eirik Ulland Andersen (Rune Ertsås 90), Espen Standal (Franjo Tepuric 90), Joachim Magnussen.

Her stangar Sivert Heltne Nilsen inn 1-0 Foto: per werkland
Espen Standal banka inn det avgjerande 2. målet. Foto: per werkland
Her er Hødds målskårarar. Nilsen til venstre og Standal til høgre. Foto: per werkland