Lesarfotokonkurransen går inn i den siste månaden av året med håp om mange flotte motiv frå lesarane. Desember er godt i gang og det same er adventstida. Både tida fram til jul, og sjølve høgtida vil innehalde mange gode mogelegheiter til å fange dei rette augneblinkane. Kanskje treff du ein smånisse med grautskeia i handa, eller har vore ute for å dokumentere flott vintervêr?

Tradisjonen tru ønskjer vi ditt beste bilete tilsendt vår konkurranseadresse: lesarfoto@vikebladet.no. Der må du hugse å skrive namnet på fotografen og kvar biletet er teke.

Vi legg ditt bilete ut i ein biletserie straks sjansen byr seg.

Kan bli strekt - endra ljos

Vi har tidlegare fått førespurnadar om vi strekkjer eller endrar ljos på bileta som kjem inn. Det gjer vi ikkje.

Diverre er motoren for opplasting av bilete til nettavisa konstruert slik at mindre uønska endringar kan skje. Vi jobbar manuelt mot dette for å halde ditt bilete i faktisk stand. Det er vi svært opptekne av. Ta gjerne kontakt om du føler biletet ditt har endra seg, slik at vi får høve til å rette opp i dette.