Det stadfestar Hødd Fotball i ei pressemelding tysdag kveld.

Verken NIlsen eller Latifu fekk innvilga visumsøknadane sine til bortekampen mot FC Aktobe i Kasakhstan, og må derfor bli att i Noreg når resten av laget reiser austover onsdags morgon..

- Vi har ikkje fått oppgitt nokon grunn for avslaga, trass gjentatte førespurnader til den kazaksthanske ambassaden, opplyser direktør i Via Egencia, Bjørn Klubbenes.

- Etter at vi leverte inn visumsøknadane fredag 13. juli, har vi følgt opp inn mot ambassaden for å sikre at alt såg greitt ut, og tilbakemeldingane har vore at alt var OK. Vi har levert alt av dokumentasjon innan fristen og alt av papir skal vere i orden. Vi har gjort det som står i vår makt for å få dette til, men må dessverre reise utan to av spelarane, heiter det vidare i pressemeldinga på Hødd.no.

To supporterar

Også to av Hødds supporterar fekk avslag på søknaden sin om å få visum.

Noregs Fotballforbund og UEFA har vore involvert for å få visumsøknadane på plass, men dette har dei ikkje lykkast med.  NFF vil på formelt grunnlag ta problemstillinga opp med UEFA.

Totalt 73 personar er med i gruppa som reiser til Kasakhstan.

Sportssjef i Hødd, André Nevstad, har ingen kommentarar utover det som står i pressemeldinga.

Manglar fem spelarar

Med Nilsen og Latifu ute er Hødds fråfall på heile fem personar til kampen i Kasakhstan.

Frå før er Bendik Torset, Vegard Heltne og Victor Grodås uaktuelle grunna skadar. Av desse er ifølgje Hødd-trenar Torset den som er nærmast å vere klar til kamp igjen, medan dei to andre framleis er nokre veker unna.