1-0, 26. min: Eit innkast vert klarert ut av femmeteren, men like utanfor 16-meteren står Andreas Rekdal og klemmer til på første touch.

2-0, 90. min: Nesten ingen forstod at Eirik Ulland Andersen limte ballen i mål på overtid etter ei frispark, men mål vart det.

Oppsummering 1. omgang

Heimelaget var ”på” frå start av, og Eirik Ulland Andersen var nære åpirke inn ballen etter berre tre minutts spel. Same mann var enda nærmare minuttet seinaredå han skrudde ballen rett i tverrleggjaren etter eit frispark.

Etter ei periode med mykje ballveksling, ville Andreas Rekdal vise kvahan er god for. Eit innkast frå Jonas Ingebrigtsen vart klarert av bortelaget,men i returommet venta Rekdal som banka inn 1-0.

Minuttet seinare kunne Andersen ha notert seg ei skåring då han stodheilt åleine på fem meters hald, men han klarte ikkje å styre headinga si undertverrleggjaren.

Cupfinalehelten Rekdal var frampå endå ein gong litt seinare, men dennegongen var keeper Alexander Vangen med på notane.

Etter skåringa hadde Hødd god kontroll, og Ull/Kisa sleit med spele seg fram til dei heilt store sjansane.

Oppsummering 2. omgang

Ull/Kisas Morten Giæver testa skotfoten knappe to minutt etter pause, menAndreas Lie hadde god kontroll på stolpane sine og let ballen segle over målet.

Bortelaget såg ut til å vakne etter pausen, og sette press på Hødd fråstarten av andre omgang.

Jesper Törnqvist fekk ein liknande sjanse som Rekdal fekk på skåringaetter ein snau time, men kapteinen viste kvifor han ikkje er spiss og feiaballen langt over målet til Vangen.

Giæver var ikkje ferdig med å teste Lie, og prøvde seg på endå eitlangskot med i det 68. speleminuttet. Kantspelaren var nærmare denne gongen,men Hødds sisteskanse hadde stolpen på si side.

Med eit kvarter att å spele kombinerte Erik Sandal og Andersen godt utetil venstre, men keeper Vangen fekk avverja faren i siste liten.

Elleve minutt før full tid kunne Giæver ha utlikna for bortelaget ettereit frispark rett utanfor 16-meteren. Jesper Törnqvist stod derimot solid i denoppsette muren og fekk klarert vekk ballen.

Det gjekk eit letta stønn gjennom heile Høddvoll då ei heading fråbortelaget small i tverrleggjaren to minutt før full tid.

På overtid sikra derimot Eirik Ulland Andersen sigeren etter at han skrudde ballen i mål. Ingen, inkludert keeper Vangen, forstod lite av kva som skjedde før dommar Kai Erik Steen godkjente skåringa.

Kampfakta:

Adeccoligaen,24 rundeHødd – Ull/Kisa 2-0 (1-0)HøddvollTilskodarar: 1412 seldebillettar og sesongkortMål: 1-0 Andreas Rekdal (26),2-0 Eirik Ulland Andersen (90+2)Dommar: Kai Erik Steen,Gneist IL - 5Gule kort: Espen Standal, Steffen Moltu (Hødd). Simen Kind-Mikalsen, PålSteffen Andresen, Ghayas Zahid, Rasmus Christiansen (Ull/Kisa)

Hødd(4-3-3): Andreas Lie – Jonas Ingebrigtsen, Jesper Törnqvist, Steffen Moltu,Ruben-Kenneth Brandal – Erik Sandal, Sivert Heltne Nilsen, Fredrik Aursnes –Eirik Ulland Andersen (Nils Erik Engen, 90), Espen Standal (Franjo Tepuric, 85), Andreas Rekdal (Bendik Torset, 69)