Laurdag stod det eit lesarinnlegg på trykk i Vikebladet Vestposten der John Georg Larsen spør om Ulstein kommune har eit demokratiproblem. Han ritar opp fleire døme. Han kritiserer kommunen for å ikkje ta på alvor innspela frå folk, men la administrasjonen styre i for stor grad.

Ordførar Knut Erik Engh seier til Vikebladet Vestposten at dei på rådhuset har diskutert lesarbrevet frå Larsen.

– Me kjenner oss ikkje igjen i kritikken. Sjølv om det sikkert er ting me kan bli betre på, som å gje ei formell tilbakemelding på ting når folk vender seg til oss, seier Engh.

Prøver stadig bli betre

Han seier at kommunen stadig jobbar for å bli betre på demokrati. Dei prøver å bli meir tilgjengelege, og er no meir aktive på Facebook.

Og i sakspapira til kommunale møte står det på kvar sak eit kort samandrag av kva saka dreier seg om, for å gjere det meir tilgjengeleg for innbyggjarane.

Kommunen har også blitt gjennomført fleire folkemøte der innbyggjarane i kommunen får sleppe til.

– Eg føler han skyt langt over mål, seier ordføraren som vil kome med eit langt lesarbrev til svar seinare.

Lokale initiativ

– Men blir initiativ frå innbyggjarane tatt på alvor? Larsen viser til eit innspel frå Vikemyra Vel som ikkje har blitt politisk behandla?

– Ein kan ikkje forlange på kva møte eit initiativ blir behandla på i kommunen. Innspelet vart lagt fram for levekårsutvalet til orientering, så er det opp til utvalet om dei vil behandle saka vidare. Men det var oppe i teknisk utval, som har fått delegert mynde frå kommunen i saker som gjeld trafikktryggleik.

For lite opne

Formannskapsmedlem og gruppeleiar for Ulstein Venstre, Pål Grødahl, delte lesarinnlegget «Har Ulstein kommune eit demokratiproblem» på Facebook der han sjølv skreiv: Ja.

– Kvifor gjorde du det?

– Han påpeiker akkurat det som er utfordringa i kommunen vår. Dette er noko Venstre arbeider med. Me har prøvd å få administrasjonen med på å leggje alt fram til politisk handsaming. Det er politikarane som er folkevalde og har ansvar overfor innbyggjarane, seier Grødahl.

Han meiner prosessen rundt rusomsorgsbustadene var for dårleg, noko Eldar Knotten (Venstre), markerte på kommunestyremøtet i september ved å seie frå talarstolen at han vurderte å trekkje seg som leiar i levekårsutvalet. Prosessen hadde ikkje gått rett for seg.

Raude saker

Grødahl er også oppgitt over at kommunen har så mange raude saker, det vil seie saker som må takast bak lukka dører, eller der delar av sakspapira er hemmelegstempla. Det er ikkje bra for den politiske diskusjonen og innbyggjarane sitt innsyn.

Då Knut Erik Engh vart ordførar i Ulstein for to år sidan hadde Grødahl håpt at det ville bli betre innsyn i kommunen, men det har ikkje endra seg så mykje som Grødahl hadde håpt på.

– Kommunen må også få betre kontroll på økonomien. Skatteinngangen til Ulstein er langt lågare enn tidlegare, likevel løyvde kommunen nyleg fleire tital millionar til parkeringsplassar, sukkar Grødahl og viser til kommunestyrevedtak frå september i år der kommunen skreiv under på ein 20-årig avtale om leige av 95 p-plassar under tak i eit nytt bygg Rome AS skal føre opp i Bjørndalsvegen.

– Det er veldig viktig å høyre på folk og ha opne prosessar, seier Grødahl og trur ein del innbyggjarar i kommunen føler dei ikkje blir høyrde. Ein bør både bli flinkare til å lytte på innbyggjarane, og involvere politikarane i større grad, meiner han.

Samd: Pål Grødahl meiner at når ein lukkar saker er det eit negativt signal til innbyggjarane. Sjølv om kommunen har forsterka ein del rutinar, er ikkje demokratiet i kommunen god nok. Ein bør ta på alvor signal ein får. Arkivfoto Foto: Anne Gry Eilertsen