Aktobe var og er ikkje noko dårleg lag. Men Hødd kjempa hardt og spelte klokt. Bortelaget kom berre til éin stor sjanse. Han kom då Sergey Davydov skaut utanfor åleine med Andreas Lie etter 64 minutt. Hødd tok leiinga i det 28. minutt. Eit skot frå Fredrik Aursnes gjekk via en motspelar og til Espen Standal, som plasserte ballen presist i mål.

- Det var berre å dunke ballen i lengste hjørne. Å sjå han gå i mål var veldig herleg. Eg hadde aldri drøymt om å bli matchvinnar i ein Europaliga-kamp då eg var unggut, smilte ørstingen etter kampen.

- Trefte 100 %

Sjølv om Aktobe absolutt var med i kampen kunne også Hødd ha vunne meir enn 1-0. Pål André Helland avslutta like til side for lengste stong etter 42 minutt – i det som var hans siste Hødd-kamp på Høddvoll. Helland slo også pasninga då Joachim Magnussen burde ha scora åleine med Aktobe-keeper Sidelnikov midt i 2. omgang. Avslutninga var dessverre for svak.

- Vi trefte 100 % med strategien i dag. Vi måtte låse dei av. Og om vi ikkje klarte det måtte vi stenge mellomrommet. Vi stod oppe med fem mann og hindra dei i å spele sitt spel. Då visste vi at dei måtte slå langt, noko Aktobe ikkje var flinke til. Og vi fekk på den måten overgangsmoglegheiter, forklarer trenar Lars Arne Nilsen.

- Late defensivt

Og får støtte av sonen Sivert og matchvinnar Espen Standal.

- Vi visste at Aktobe var eit bra lag. Men vi kjende også til svakheitene deira. Vi fekk store rom å spele i. Kampplanen fungerte godt. Men vi burde kanskje også ha scora eitt mål, meiner Nilsen junior.

- Vi hadde sett Aktobe mykje på førehand. Det skulle vere eit spelande som var ganske late defensivt. Og det var dei også, sjølv om vi kanskje fekk endå større rom å spele i enn kva eg forventa, seier Standal.

- Litt i overkant

Aktobe kom til ein del nesten-sjansar. Heroisk forsvarsspel frå alle utespelarane kombinert med ein stødig Andreas Lie i mål gjorde at det sjeldan vart veldig farleg framfor Hødd-målet.

- Eg hadde tru på at vi skulle gjere ein god kamp, men at vi skulle vinne var kanskje litt i overkant. Eg er sjølvsagt strålande nøgd. No har vi eit brukbart utgangspunkt framfor returmøtet, seier Andreas Lie.

Som skrytte av innsatsen høddarane la ned.

- Vi var solide defensivt. Dei kom til nokre sjansar, men vi rydda unna. Og å halde nullen er som regel bra. Eg synest Aktobe var eit veldig godt lag. Dei hadde høgt balltempo. Spelarane deira var kvikke og gode med ball, seier Hødd-keeperen.

- Tung periode

Fredrik Aursnes sette ei rekkje nye rekordar i norsk fotball sist sesong. Også i dag skreiv Aursnes seg inn i historiebøkene, som den første Hødd-spelaren som har fått gult kort i Europaligaen. Kortet kom i det 70. minutt, då Hødd var i ferd med å ta over kampen igjen etter ein svak periode.

- Frå starten av 2. omgang og fram til det var gått 60, 70 minutt synest eg det var tungt å spele. Aktobe hadde då ballen mykje. Men vi stod bra imot kombinasjonsspelet deira, og fekk eigentleg meir rom enn vi er vande med i serien. Vi var klart betre enn Aktobe og kunne fort ha vunne 2-0 eller 3-0, vurderer 17-åringen.

Hødd har ikkje tid til å feire dagens triumf. Neste trening går alt klokka 10.00 i morgon.

Kampreferat