Ein skal aldri stole 100 % på vêrmeldingane. Til dømes var det meldt mykje regn torsdag kveld, men det kom knapt ein dråpe.

Faktumet er uansett at det har vore heller dårleg vêr på Sunnmøre så langt denne sommaren.

No kan det vere litt betring i vente. Måndag melder yr.no om sol og temperaturar opp mot 18 gradar på Hareidlandet. Det kan bli litt meir overskya tysdag, men med om lag dei same temperaturane som måndag.

Onsdag er det meldt 19 gradar og sol.

Dessverre ser det ut til å bli overskya resten av veka. Trøysta kan vere at det er meldt svært lite regn.