Det vart ei kjølegare avslutning på det gamle året, med nedgang i talet på omsette eigedomar både i november og desember. Også i januar har talet på omsette eigedomar vore forsiktig, og går ned frå 68 i Ulstein, Hareid, Herøy og Sande i desember til  56 i løpet av januar.

I Sande vart det omsett ni eigedomar i løpet av januar. Tre av desse var jordbrukseigedomar.

Både i Herøy og Ulstein har det skjedd lite i løpet av årets første månad, med 14 omsette eigedomar i Herøy og 15 i Ulstein.

Faktisk er det i Hareid kommune det har vore størst aktivivtet i starten på året, der det har blitt omsett 18 eigedomar.

I tillegg til eit lågt tal på omsette eigedomar i januar, har også prisane på bustadane som vart selde vore moderat. Den dyraste privatbustaden som vart selt i løpet av januar gjekk for 2.850.000 kroner.

Les også: Her er årets dyraste bustadar

Les også: Klar nedgang i november

Les også: Her skjedde mest i oktober

Les også: Liten oppgang i september

Les også: Færre eigedomar skifta eigar

Les også: Fleire dyrare eigedomar

Les også: Oppsving i juni

Les også: Herøy omsette mest i mai.

Les også: Sjå alle eigedomane som er selt sidan 2005.

Les også: Her er dei dyraste bustadane.

Les også: Heitast i Ulsteinvik

Les også: Fritidsvinnarar på Sandsøya

Les også: Desse vart selde

Forklaring til kartet: Kvar sirkel viser kor mange eigedomar som er selt i eit område. Klikk på sirkelen for ei meir detaljert visning. Du kan også klikke deg inn på kvar einskild eigedom for å få historikk. Du kan velje å nytte ei kartvisning eller du kan sjå flyfoto over området ved å trykke på firkanten på høgresida i toppen av biletet.