2.-klasse Idrett ved Ulstein vidaregåande skule var onsdag arrangørar for Semifinale Sør i Skulecupen i friidrett i Møre og Romsdal. Der var vel 375 elevar frå barne- og ungdomsskular på heile Sunnmøre i sving for å prøve å kvalifisere seg til finalen i Molde til våren.

Skulecupen har blitt arrangert i lang tid, men gir kvart år elevar i barne- og ungdomsskulane eit møte med friidretten. Mange av dei som var i sving under semifinalane av årets Skulecup i Ulsteinhallen er allereie aktive på friidrettsbana, men for nokre kan Skulecupen gje eit positivt møte med tartandekke og lengdegrop.

Håpar å rekruttere fleire

– Målet vårt er at vi skal kunne rekruttere endå litt fleire til friidretten. Her får dei prøvd seg, fortel Bente Krakeli, dagleg leiar i Møre og Romsdal friidrettskrets.

Ho legg til at dei reiser rundt i fylket for å lære opp kroppsøvingslærarar i skulen, slik at ein også skal få meir friidrett inn i skulen.

I Ulsteinhallen fekk også idrettselevane frå UVS prøvd seg som arrangørar, og det er mykje som skal haldast styr på både registrering, tider, hopplengder og kulestøyt frå så mange deltakarar. Men med god hjelp frå nokre ringrevar frå Dimna IL såg det ut til at arrangementet gjekk temmeleg glatt.

Ringstad skule vann skulekonkurransen for barneskular framom Vikemarka og Valderøy.

For ungdomsskulane var det Ørsta som trekte lengste strået, medan Ulstein ungdomsskule tok andreplassen framom Sykkylven. Hareid kom på 5.-plass av ungdomsskulane.

Sjå stor bileteserie i toppen av saka. På høgresida kan du sjå video frå skulecupen (i botnen av saka på mobil).