2. omgang:

Etter 50 minutt tok Kristiansund leiinga då Jean Mendy plasserte ballen i krysset frå 25 meter.

Leiinga varte i ni minutt. Då svarte Erik Sandal ved å banke ballen i lengste krysset frå 20 meter - med venstrefoten. Scoringa var fortent. Hødd hadde hatt to gode moglegheiter etter presise hjørnespark frå Fredrik Aursnes. Før Mendey si scoring var det Jesper Törnqvist som heada like utanfor, og på stillinga 0-1 var det Steffen Moltu som heada ballen like over KBK-målet.

Utover i omgangen gjekk det lenger tid mellom sjansane. Eirik Ulland Andersen burde nok ha sendt Hødd i leiinga etter 70 minutt. Venstrevingen tok imot ei flott pasning frå Espen Standal, og hadde eigentleg vendt vekk det som var av motspelarar. Men Andersen nølte eit par sekund før han skulle avslutte, og då rakk ein KBK-spelar å blokkere avslutninga frå god posisjon.

Hødd styrte spelet også dei siste 20 minutta, men 2-1-målet som blåtrøyene hadde fortent kom aldri.

1. omgang:

Før kampen måtte Andreas Lie gi seg grunna ein skade. Jan-Lennart Urke fekk dermed sin andre start for sesongen. Men det var ikkje veldig mykje Urke hadde å gjere i første omgang. Hødd kom klart best i gang og styrte spelet dei ti første minutta. Espen Standal kunne ha scora då han vart spelt gjennom av Fredrik Aursnes etter fire minutt, men halvsjansen vart redda. Kristiansund kom meir med etter kvart. 13 minutt var spelt då Jean Mendy avslutta like utanfor frå godt hald. Midtvegs i omgangen tok Hødd over for fullt. Standal avslutta utanfor etter eit bra innlegg frå Eirik Ulland Andersen. Sistnemnde kunne ha scora sjølv etter eit flott oppbygd angrep regissert av Aursnes og Erik Sandal, men avslutninga vart for svak. Og etter 27 minutt kom dagens første susar då Aursnes banka ballen i tverrleggjaren.

Også det siste kvarteret inn mot pause hadde Hødd overtaket, utan å kome nærare enn eit brukbart skot over mål signert Erik Sandal (34 minutt). Heilt på tampen hadde Dan Peter Ulvestad ein god sjanse for bortelaget, medan Sivert Heltne Nilsen heada over mål etter eit hjørnespark.

0-0 til pause var ikkje veldig urettvist, men Hødd var det beste laget.

Som dei også var i 2. omgang.

KampfaktaAdeccoligaen runde 27Hødd – Kristiansund BK 1-1 (0-0)HøddvollTilskodarar: 1832 selde billettar og sesongkortMål: 0-1 Mendey (50), 1-1 Sandal (59)Dommar: Martin Lundby, Bøverbru ILGult kort: Torset, Nilsen, Brandal, Urke, Sandal, Aursnes (Hødd), Risholt, Mendey, Aalbu (KBK)Hødd: Jan-Lennart Urke  - Jonas Ingebrigtsen, Jesper Törnqvist, Steffen Moltu, Ruben-Kenneth Brandal - Sivert Heltne Nilsen, Erik Sandal, Fredrik Aursnes - Bendik Torset (Rune Ertsås 80), Espen Standal (Franjo Tepuric 80), Eirik Ulland Andersen.

Jan-Lennart Urke.