Tynset la seg høgast i bana før pause, medan Hødd i mindre grad sende mange spelarar i angrep. Mari Heggen og Vilde Hasund hadde brukbare forsøk etter 18 og 24 minutt, men avslutningane gjekk ikkje innanfor stengene. Fram til då var kampen jamspelt, men så følgde ein periode med eit bra trykk frå bortelaget.

Open kamp

Etter 30 minutt kom ein Tynset-corner inn frå deira venstreside. Heimelagets gode kaptein Cecilie Arnemo knota ballen i mål frå kort hald. Fire minutt seinare var Marit Sandtrøen frampå for raudtrøyene, men Amalie Kragset redda flott. Inn mot pause hadde Hødd meir å by på. Eit forsøk frå Mari Heggen vart avverja til hjørnespark, medan Tynset-keeper Lene Tollan måtte ut i full strekk for å redde ei god moglegheit signert Vilde Hasund.

2. omgang bølgja fram og tilbake. Dessverre for Hødd dobla Tynset leiinga etter 51 minutt. Amalie Kragset hadde stått ein god 1. omgang, men var ikkje heldig då eit frispark frå Andrea Grøntvedt gjekk rett i lengste hjørne.

Perlemål

Åslaug Helvig har vore ute med skade lenge, men spesielt etter pause viste ho fleire glimt av toppnivået sitt. 63 minutt var spelt då Hødd rulla opp eit fint angrep på høgresida. Helvig avslutta frå kort hald, men bortekeeperen redda fint. Fem minutt seinare kom reduseringa. Hødd angreip og det kunne sjå ut som Helvig skulle legge ballen til ein (i utgangspunktet) betre plassert medspelar. Men frå 20 meter klinka ho like greitt ballen heilt oppe i lengste kryss. Utvilsamt dagens prestasjon.

Tynset mest effektive

Derifrå og ut var det heilt ope om Hødd skulle kome tilbake eller om Tynset ville avgjere. Marit Sandtrøen kunne ha sett inn 3–1 20 minutt før full tid, men ho avslutta over mål frå god posisjon. Fem minutt seinare fekk Vilde Hasund ein ny sjanse. Skotet gjekk rett på keeper. Like etter var Hasund frampå igjen, men avslutninga vart avverja.

Tynset var meir effektive og eit par hakk kvassare på dødball mot det langt yngre Hødd-laget. Tre minutt før full tid var det møljespel framfor Hødd-målet, og Cecilie Arnemo pirka inn sitt andre mål for dagen. Dermed tapte Hødd 3–1.

Mangla spelarar

Om ikkje Hødd fekk poeng kan dei likevel ta med seg ein grei prestasjon. Lagets kanskje viktigaste spelar, Ragnhild Ertesvåg, var vekkreist denne helga. Også Aina Kvamme og Caroline Overvåg mangla. Hødd hadde berre med éin innbytar i troppen.

– Eg synest vi gjennomførte ein god kamp. Vi låg bra i ledda og kom til fleire gode sjansar, både rett før pause og utover i 2. omgang. Så eg er nøgd med spelet. Men det var synd vi sleppte inn tre dødballmål, oppsummerer trenar Ole Per Kragset.

Kampfakta

2.-divisjon avdeling 6

Hødd – Tynset 1–3 (0-1)

Høddvoll kunstgras

Tilskodarar: 20

Mål: 0–1 Arnemo (30), 0–2 Grøntvedt (51), 1–2 Helvig (68), 1–3 Arnemo (87)

Dommar: Jan Lund, Godøy

Ingen kort

Hødd (4-5-1): Amalie Kragset – Ingrid Måseide, Benedikte Nevstad, Silje Holstad, Andreas Rødseth – Miriam Tvedt, Mari Heggen, Sofie Gjerde (Kamilla Werkland 75), Vilde Hasund, Ellen Aahjem – Åslaug Helvig (K)

*** Åslaug Helvig

** Vilde Hasund

* Miriam Tvedt