1.-maikonserten var den 25. i rekka. Så lenge har også Smørdal dirigert brassen, som feira seg sjølv over to ein halv time med innlagd kaffistund i midten. Og som alltid var det stinn brakke.

Mange hadde ordet mellom musikkinnslaga. I takkeorda frå styret sa Jenny Helen Korsnes at Svein Smørdal hadde skapt eit støtt fundament og at korpset hadde vorte til «ei gåve» han kunne gi frå seg.

Smørdal påstod på sjølvutslettande vis at den nye dirigenten kom til å drage brassen eit hakk opp. – Han har ikkje all verdens dirigentpraksis. Men gløym det, han har sin måte å gjere det – og musikantane fylgjer han som «berre tusan».

Medan Smørdal var dirigent for første del av konserten stod nyedirigent Skodjevåg fram som både instruktør og dirigent for den andre halvdelen av den svært høyrverdige forestilinga, som vart leia av Ole Frank Bakken.

Meir om konserten i papiravisa.