For å heidre verdsmeisteren frå London-VM i 2017, Dimna IL-utøvar Karsten Warholm, sette arrangørane av Diamond League-stemnet i London opp 400 meter hekk på programmet.

Konkurransen tel ingenting i samandraget, men er like fullt ein viktig test før Warholm skal springe distansen under EM i august. Der blir nok tyrkiske Yasmani Copello den største konkurrenten, og han skulle måle krefter mot Karsten også laurdag.

Opna i kjent stil - og vann

Warholm opna hardt på Queen Elizabeth Stadium - i kjent stil, og såg seg ikkje tilbake. Kontrollert sprang han over mål på ei 16 hundredelar betre tid enn sin tidlegare norske rekord på distansen, og sette også stemnerekord! Eit kjempeløp av Karsten Warholm - på tida 47,65.

Yasmani Copello var nærmast Warholm, på tida 48,44.