Eiksundtunnelen var stengd - tre personar involvert i trafikkulukke

Ei dame i midten av 60-åra, ein mann i slutten av 60-åra og ein sytten år gamal gut vart sende til sjukehus etter ei trafikkulukke i Eiksundtunnelen måndag ettermiddag. Det opplyser politiet.
New Articles

Eiksundtunnelen blei stengd måndag ettermidag, etter at to bilar kolliderte i tunnelen.

Ifølgje operasjonsleiar i politiet, Roar Fylling, var det til saman tre personar i bilane.

- Eit vitne har forklart at den eine bilen kom over på feil side av vegen, seier Fylling.

Både politi, brann og helse kom til staden, og det vart også sendt eit ambulanshelikopter til Ørstasida av tunnelen.

- Veit du noko om skadeomfanget?

- Nei, det er det sjukehuset som må uttale seg om, seier han.

Ifølgje ein tipsar vart helsepersonell køyrde ned i tunnelen av bilar frå Volda brann og redning.


Like før klokka 16.30 skreiv politiet på Twitter at dei tre personane blei sende til sjukehuset i Ålesund.

Oppdatering klokka 16.37: Politiet opplyste at det foregår etterforsking, bilberging og opprydding på staden. Dette vil ta rundt ein time.

Oppdatering klokka 1730: Tunnelen blir no opna igjen.