Kvik Halden - Hødd 7-1:

Bekmørkt av Hødd

Spelarane var nok endå meir skuffa i dag, enn det dei var mot Levanger førre helg.  Foto: Arkiv/Per Werkland

New Articles

På onsdagens trening hinta Hødd-trenar Sander Nyland om at det kom til å bli endringar i laget til kampen mot Kvik Halden. Dette viste seg å stemme, for Hødd gjorde tre byter frå førre kamp. Kaptein Joakim Wrele (ikkje med i troppen), Isak Skotheim og Peter Hasund vart byta ut av lagoppstillinga til fordel for Håkon Botn Brautaset, Robin Hjelmeseth og Wachirawut Phudithip.