Møter opprykkskandidat

Ruben Kenneth Brandal og co. fekk med seg eit overraskande poeng borte mot Bergsøy tidlegare i år.   Foto: Erik K. Heimdal

New Articles

Torsdag kl. 18:30 byrjar, i likskap med 5. divisjon, også 4. divisjonsfotballen igjen. Hareid starta sesongen med å plukke poeng på bortebane mot Bergsøy, og får no sjansen til å starte haustsesongen på same vis.

For det er nemleg Bergsøy som skal kjempe vere med og kjempe om poenga på Hareid Stadion torsdag kveld. Laget frå Herøy vart rekna som ein av favorittane til å rykke opp før sesongen, og ligg på 2. plass, tre poeng bak tabelltopp Volda.


– Vi er på skothald og alt er mogleg

Sjølv om Hareid ligg på nest-siste plass, så ser ikkje trenar Kenneth Moldskred mørkt på den komande haustsesongen.

 

Hareid ligg derimot på 11. plass (nest-siste), men har berre fire poeng opp til 7. plass, og seks poeng opp til 5. plass. Med ein god haustsesong, så kan "raudtrøyene" fort klatre på tabellen.

Men Hareid har mista ganske mange spelarar. Gustav Kløvning, Andreas Skotheim, Daniel Haanes, Fredrik Lonbakken og Sigve Hide har alle flytta vekk for å studere. I tillegg forsvinn Ola Vattøy og Matias Grimstad tilbake til sine studier. Men dei har fått inn Ørjan Grimstad, som er eit svært godt tilskot til laget.

Hareid avslutta vårsesongen med eit sterkt 0-0-resultat borte mot Larsnes/Gursken - ein kamp dei fort kunne tatt alle poenga i. Bergsøy avslutta sin vårsesong med sterke 3-1 borte mot Hødd 2. Det blir tøft å ta poeng mot opprykksjagande Bergsøy, men alt er mogleg for Hareid!

Her kan du lese Hareid si statusoppdatering i forkant av haustsesongen.