Forfattarlag i vokster

Joakim Hunnes (nedst i trappa), Svein Sæter, Angela Hagen, Kristin Maridal og Odd Goksøyr er nyvalt styre i Møre og Romsdal forfattarlag.  Foto: John Roald Pettersen

New Articles

Mellom medlemmene i det påtroppande styret i Møre og Romsdal forfattarlag finn vi mellom andre Odd Goksøyr, forfattar, lyrikar og omsetjar, busett på Bigset i Hareid.

Ifølgje den nyvalde leiaren i laget, Angela Hagen, er laget – som vart gjenoppstarta for nokre år sidan – no i vekst.

– Vi har tolv fleire medlemmer enn på same tid i fjor. 48 for å vere nøyaktig, fortel Hagen som lovar at laget skal gjere det dei kan for at fleire forfattarar frå fylket skal kunne skrive og formidle tekstane sine, anten det er dikt, noveller, romanar, essays eller sakprosa.

I ei pressemelding frå Møre og Romsdal forfattarlag vert det løfta fram at fylket vårt gjennom åra har fostra mange sterke namn mellom norske forfattarar, som til dømes Edvard Hoem, Maria Parr og Marit Kaldhol.

"Aina Basso og Bjørn Vatne to andre som gjer seg gjeldande. Samstundes merkar både nye og etablerte forfattarar at det hardnar til i bokbransjen. At forfattarar står samla i møte med ein stadig tøffare bokbransje, er viktigare enn nokon gong", heiter det i pressemeldinga.

Saman med seg i styret har Angela Hagen og Odd Goksøyr med seg Svein Sæter, Joakim Hunnes og Kristin Maridal.

Bildetekst: