Heilt sidan julemessa på Ishavsmuseet i Brandal i november 2015, har Oddlaug Brandal og Heidi Wingsternes hatt  loddbøker ute i lokalmiljøet. Inntektene frå loddsalet går til nonnene i Norddal.

Abbedisse Thavoria, opphaveleg frå Sjøholt, kom tilbake til heimlandet saman med to nonner og ein kapellan. Dei har starta landets første ortodokse nonnekloster, grunnlagt av patriarken i Georgia.

– Nonnene bur og lever på prestegarden i bygda. Mykje godt på almisser frå folket.  Dei har ein guddommeleg liturgi kvar morgon og tre bønnestunder utover dagen. Desse er opne for kven som helst, fortel abbedisse Thavoria. Ho er overhovud for nonneklosteret som er kalla Klosteret av den heilage Kong Olav og Profeten Elias. Planen er å få bygd eit kloster på Syltefjellet, fortel Oddlaug Brandal og Heidi Wingsternes som hadde besøk av nonnene i samband med julemessa på Ishavsmuseet i november.

–  Nonnene hadde stand på Julemessa i Brandal og dei vart godt tekne mot. Til tider var pågangen så stor at den næraste standen måtte flyttast. Her fekk vi gevinstar frå utstillarane til loddbøkene som vi no har ute. Takk til alle som ga. Over 30 gevinstar kom inn derifrå, fortel Heidi Wingsternes.

Laurdag ettermiddag, 20. februar, vert det arrangert ein kombinert kafe med tombola og loddsalg til inntekt for nonnene. Litt program vert det og mykje gode kaker vert det heilt sikkert.

Abbedisse Thavoria kjem til Brandal denne dagen. Ho har nok med dei andre søstrene også. Dei har med eigne produkt for salg som til dømes kremar og såper.

– Vi har fått veldig god kontakt med nonnene og har besøkt dei fleire gongar. Vi vil gjerne hjelpe dei, men treng og hjelp frå dykk. Kanskje kjem det kloster på Syltefjellet i nær samtid? Det meste er klart. Munkane på klosteret i Selje har vi og blitt veldig godt kjende med og vi har prosjekt som går til dei og. Vi håper at mange tek turen til Brandal skule, gymsalen, denne laurdagsettermiddagen. Mykje gode kaker å få kjøpt,og mange tombolagevinstar. Vi vil trekke vinnarane av loddboka på slutten av ykta. Om det er nokon fleire som vil vere med og hjelpe oss denne dagen er det berre å seie frå. Berre ta kontakt med ein av oss. Om nokon vil finne litt meir ut om nonnene i Norddal er det mykje å finne på nettet. Dei har og eiga facebookside, tipsar Wingsternes.