– Her teiknar dei alt frå øksemordarar til dinosaurar, så det burde vel dekke det meste, smiler Torbjørn Lien. Mannen bak teikneserien «Kollektivet» var laurdag på vitjing til Hareid folkebibliotek der han heldt kurs for femten unge teiknarar.

– Det har vore veldig morsomt. Her var det veldig mange talent, rosar Lien.

Deltakarane på kurset har fått ei lita innføring i nokre enkle reglar rundt det å lage teikneseriar.

– Dette går på korleis dei kan bygge opp ei seriestripe, kva som er ei fornuftig leseretning og slikt, fortel han.

På heiltid

Sjølv er han serieskapar på heiltid,

– Her i Norge er det ikkje så mange som kan leve av dette, det er nok under tjue personar, seier Torbjørn Lien som tidlegare arbeidde som lærar på medielinja ved Høgskulen i Volda. No stiller han berre opp som gjesteforelesar ein gong i blant.

– Og så held eg kurs dersom eg får tilbod om det, seier han.

Teikneserien hans, «Kollektivet» vart først publisert i seriebladet «Larsons Gale Verden» rundt 2000. I 2008 fekk serien sitt eige blad.

I serien møter vi ei gruppe temmeleg ulike menneske som bur i eit kollektiv og personar som er knytt til desse på ulikt vis.

– Tanken var å setje saman eit persongalleri med ekstreme motsetningar. Personane har utvikla seg, og no veit eg i grunnen korleis kvar einskild av dei vil reagere på ulike hendingar. Dei lever meir eller mindre sitt eige liv no, seier Lien.

– Veldig positivt

– Dette var ei veldig positiv erfaring, fortel biblioteksjef Anne Vasstrand. Kurset var fullteikna og biblioteket måtte faktisk operere med ventelister. Det er ikkje usannsynleg at Torbjørn Lien kjem tilbake ein annan gong, anten til biblioteket i Hareid eller i Ulsteinvik, og då kanskje med kurs for vaksne som har lyst til å vekke til live den indre teikneserieskaparen sin.