Flytebrygga er på plass

Hareidsordførar Anders Riise er glad for at dei no har fått på plass ny flytebrygge på Overåsanden.

Flytebryggje: Ordførar Anders Riise er godt nøgd med at dei har fått på plass ei ny brygge på Overåsanden. No blir området lettare tilgjengeleg for dei som kjem med båt, og dei badande har fått ein badestige på bryggja.  

Området har vorte veldig attraktivt.

Anders Riise Ordførar i Hareid kommune
Kultur

Den gamle flytebrygga var av tre og måtte takast inn for vinteren. Sist sommar var brygga i så dårleg forfatning at kommunen kom til at det var liten vits i å ha henne ut. I staden har dei no fått seg ei ny flytebrygge. Den nye brygga er fem meter lenger enn den gamle, og ho er i betong og kan liggje ute heile året. Bryggja er festa med fleire gode lodd som held henne på plass og tung kjetting.