Tidlegare i sommar vart det klart at Sigrid skal spele på jubileumsfesten til Ulstein Group 2. september.

No er det offentleggjort at også Madcon kjem!

Tshawe og Yosef er kjende for å spreie glede og god stemning med musikken sin. Dei har gjort suksess med songar som "Beggin", "Don`t Worry" og "Glow".

Dei har også vore deltakarar og programleiarar i ymse fjernsynsprogram.

Billettane til arrangementet er gratis.