Russelåtar er eit fenomen som vi gjerne set i samband med russefeiringa i Oslo. Der hyrer gjerne russen inn eigne låtskrivarar og produsentar for å lage den kulaste russelåten. Dei seinare åra har trenden likevel også blitt meir vanleg på våre kantar og ein av dei som har skrive sin eigen russelåt er Erlend Fiskaa Ødegård frå Ulsteinvik.

Han går siste året på musikklinja ved Volda vidaregåande skule.

- Eg har det eg treng av programvare og instrument for å lage musikk heime, så i vinter har eg site og kosa meg med dette som vart ein song etterkvart. Russelåtar og partymusikk er ikkje akkurat favorittsjangeren min, men sidan det nærma seg russetid så tenkte eg at eg hadde lyst til å prøve, seier Erlend som aller helst lyttar til pop, funk og soul.

Saman med ein gjeng kameratar er han medeigar i bilen "Rocket Van".

- Vi hadde planar om å kjøpe ein Chevrolet, men så var vi litt seint ute. Difor måtte vi nøye oss med ein VW Caravelle, sjølv om det er bilete av ein Chevrolet på russebil-logoen vår. Dette er noko som også er med i teksten, fortel han.

I følgje Erlend må ein god russelåt ha eit fengande "drop" og ei morosam tekst. Tilbakemeldingane frå medrussen tyder i alle fall på at Erlend sin russelåt har det som skal til for å skape god feststemning.

Rocket Van på Spotyfy finn du her

Det siste året på Volda vidaregåande har vore temmeleg hektisk for Erlend, med ei stor rolle i skulemusikalen "Cry Wolf" og stor elevkonsert i Volda kyrkje. Om vel ein månad er det eksamenskonsert der han skal framføre fem songar. Etter sommarferien ventar militærteneste og håpet er å tenestegjere som drillgardist i kongens garde.