Det var Einar Måseide som heldt talen ved minnesteinane ved Hareid kyrkje på nasjonaldagen. Han minte tilhøyrarane på kor godt vi har det.

- Det er ikkje mange i verdssamanheng som har det så bra som vi har det. Vi har velstand for dei aller fleste, demokrati og ytringsfridom. Ser vi på alle konflikter rundt om i verda forstår vi dette. Men er dette tilfeldig?

Vi veit at dette ikkje kjem av seg sjølv. Namna på minnesteinane vitnar om dette.

Måseide gav ein kjapp historieleksjon der han nemnde nokre viktige årstal for det norske demokratiet. I 1814 fekk vi grunnlova, i 1837 formannskapslova som gav oss lokalt sjølvstyre, i 1884 vart parlamentarismen innført og i 1913 fekk alle stemmerett.

Dei to minnesteinane heidrar folk som har kjempa ulike kampar. Den eine steinen er for dei som har mist livet på havet.

- Dei som budde her, fiskarbøndene, måtte nytte havet for å livberge seg. Havet og gardsbruket var ein føresetnad for å overleve. Med dei enkle farkostane dei hadde å hjelpe seg med måtte det gå gale mange gonger. Men pionerar i distriktet vårt bygde stadig betre båtar og kunne nå stadig lenger ut. Samstundes ofra dei veldig mykje for å kome dit, sa Einar Måseide.

Måseide minte også tilhøyrarane på at ein stor del av dei som miste livet under den andre verdskrigen var sjøfolk. Vel 10.000 nordmenn miste livet under krigen. Av desse var det 3.600 i handelsflåten og 900 i marinen, altså var det 4500 som kom vekk på havet, noko som fortel oss kor viktig sjøfolka sin innsats var.

- Vi må lære av historia

- Aldri meir! Men kvar er vi i dag? Faren for å gjere dei samme feila på nytt er der absolutt. Difor må vi ta med oss historia inn i framtida og legge vekt på at stadig nye generasjonar tek lærdom av dette. Dette er eit ansvar som vi alle har. Ver vakne, og lær av historia. Dermed syner vi samstundes respekt for dei som har ofra livet sitt, oppmoda Einar Måseide.

Speidarane stod æresvakt ved dei to minnesteinane og det var også speidarar som la ned kransane.