Det skulle berre mangle, for Kornelius har vore modell for biletet som Alma stiller ut. På måleriet kan vi sjå Kornelius med store, mørke hundeauge under stjernehimmelen.

Den unge kunstnaren fortel at Kornelius ikkje har stått modell, men at det er eit fotografi av hunden som er utgangspunktet for bildet ho har malt.

– Eg tykkjer han er så søt, forklarer ho når vi spør kvifor ho valde akkurat dette motivet.

Biletet er eitt av mange som elevane i visuell kunst ved Ulstein kulturskule stiller ut på Ulstein folkebibliotek i to veker framover og dei fekk dermed det ærefulle oppdraget å opne årets Smak av Ulstein.

Håper det vert ein tradisjon

– Forhåpentlegvis kan dette verte ein fast tradisjon, seier kunstlærar Monica Vermeer som var nøgd med at faget på denne måten vart gjort meir synleg.

Utstillinga vil henge oppe på Ulstein folkebibliotek i to veker.

– Det er ein første gong for alt, sa Vermeer då ho opna utstillinga.

– For nokon er det første gongen dei stiller ut, første gongen dei er til stades på ei opning eller første gongen dei har laga eit kunstverk, sa ho.

Alle bilda er resultatet av kopiering, anten det er private fotografi, andre kunstverk eller eit kattebilete på matboksen.

– Nokre meiner kanskje at dette ikkje er særleg kreativt, men gjennom å kopiere andre bilete lærer elevane å sjå. Dei har jobba med å blande seg fram til dei rette fargane og å finne dei rette formene og kontrastane, forklarte læraren.

Dei har arbeidd med bileta sine over tid, heile semesteret etter jul, noko dei ikkje er vande med.

– Ikkje alle likar det, men det løner seg å arbeide lenge med eit bilde, seier Monica Vermeer.

Kulturskulen har i alt 36 elevar frå 1. klasse og oppover, fordelt på fem grupper. Vermeer har undervist ved Ulstein kulturskule dei siste tre åra.

Utstilling på biblioteket vert open i to veker framover.