Stiftelsen UNI har løyvd 50.000 kroner til forsamlingshuset Vonheim på Flø. Berit Roppen og resten av husstyret er naturlegvis svært glade for støtta frå Stiftelsen UNI.

- Pengane skal gå til omlegging av skifertaket. Det ligg slik det har lagt sidan huset var nytt for nitti år sidan, seier Berit Roppen. Saman med stønad frå mellom andre Kulturminnfondet og Sparebank1, samt fylkeskommunale kulturmidlar, kan dei no setje i gang med dette arbeidet. Roppen seier at prosjektet vil ta til rett etter sommareferien.

Når det gjeld inntekter elles, er salet av rømmegraut på jonsokaftan ei av dei største inntektskjeldene til Vonheim.

- Men vi skulle ha solgt nauta mykje graut dersom vi skulle ha kosta omlegginga av taket heil tåleine, seier Berit Roppen.

Det var Flø kristelege ungdomslag som fekk sett opp bygget. Laget arrangerte 17. mai-feiring, julefestar og andre sosiale tiltak, men dreiv også med utlån av bøker. Det er arkitekt Johan Petter Osnes som har teikna bygget som stod ferdig i 1927. Osnes er fødd i Ulstein og har teikna mange av bygningane i Trondheim sentrum.

Ungdomslaget er nedlagt, men eit eige husstyre har ansvaret for å ta vare på og drifte huset. Jonsokaftan er det på nytt grautsal på Vonheim, ein tradisjon som strekkjer seg over åtti år tilbake i tid. Inntektene frå salet går til vedlikehald, kommunale avgifter og andre løpande utgifter til drifta av det ærverdige huset.