Jorge og Lynda er som ein, og fullfører kvarandres setningar.

– Kan de fortelje meg om noko som er likt i Venezuela og i Noreg?

– Eg veit ikkje, det er vanskeleg å finne likskapar. Gjennomsnittstemperaturen i heimlandet vårt er 34 grader, sjølv når det regnar er det varmt. Det har vore vanskeleg å bli van med vêret her, men det er betre no. Brød er vanleg i begge landa, elles er maten forskjellig. Der et ein for det meste varm mat, men det var livet vårt då, no et vi norsk mat fordi vi bur her, og ynskjer å leve slik som de gjer.

– Kan de fortelje meg om noko som er ulikt?

– Kulturen. Eg elskar den norske kulturen. Folk respekterer verkeleg kvarandre, og er rolege og snille. I landet mitt uttrykker folk seg på ein heilt annan måte. Dei kan vere høglydte og feste fleire dagar i strekk rett utanfor vindauget ditt, og høyrer på høg musikk utan å bry seg. Sjølvsagt er ikkje alle like, men mange oppfører seg slik. Her respekterer de kvarandre. Ting er organisert og strukturert. Sjå på gatene og på husa. Dei er reine og vakre. Eg trur det er mykje lettare å gjere framgang når det er slik. Det må dykk halde på, seier dei.

– Kan de fortelje meg om eit godt minne frå barndommen?

– Eg hugsar at eg klatra opp i mangotrea, sat på greinene og åt fersk mango, og då eg var ferdig kasta eg mangosteinen på kompisane mine. Vi leika også på strendene. Vi har sinnssjukt vakre strender i Venezuela, fortel Jorge.

– Eg likte å leike gøyme-og-leite, og å hoppe tau. Det likar dottera mi også, og det bringar tilbake gode minner frå barndommen, fortel Lynda.

– Kvifor forlét de Venezuela?

– Sidan 1998 har det vore sosialistiske diktatorar som har leia Venezuela. Det var då problema starta. Fyrst var det president Hugo Chávez, som var statsleiar fram til dagen han døde i 2013, deretter overlét han makta til ein som tidlegare hadde arbeida under han. Eigentleg er Venezuela eit demokrati, men dei fuska med stemmesetlane.

– Vi støtta den politiske opposisjonen til regimet, og var aktive i demonstrasjonar, og gjekk i t-skjorter med partiet sin logo. Vi ynskte å opplyse dei fattige, og få dei til å skjønne at dei ikkje måtte støtte regimet. Regjeringa seier dei er folkets parti, men dei øydelegg alt. Vi kjem frå eit land med mykje ressursar, men dei tok kontroll over all industrien og økonomien, og har selt mykje av oljen vår til andre land. Ingen selskap er private lengre.

No er det krise i landet. Befolkninga manglar elektrisitet, pengar og medisinar, det liknar på situasjonen som har vore i nokre av dei afrikanske landa. Folk svelt og døyr.

– Kva slags problem har de hatt?

– Leiarane veit at dei ikkje har støtte blant heile befolkninga, og truar med å drepe folk om dei uttrykker mistillit til regimet. For å halde på kontrollen drep dei folk som er ueinige med dei. Regjeringa har ein eigen hær, som kallast «revolusjonens skjold». Det er sivile folk, og veit dei at du er imot regjeringa kan dei drepe deg utan å bli tatt. Politiet, advokatar, dommarar og hæren er korrupt, dei vil angi deg. Ein kan ikkje stole på nokon.

I fjor var det mange protestar, mange vart drepne. Det er papir mot maskingevær. Det var kanskje den siste moglegheita befolkninga hadde til å stå opp mot regjeringa. Einaste utvegen er om landet får internasjonal hjelp til å felle regjeringa, folk er livredde. Det er vanskeleg å sjå føre seg ei god framtid for landet.

– Vi prøvar å vere mykje saman med dottera vår Bella. Kvar søndag er vi på gudsteneste på Filadelphia. Vi har reist ein tur til Geiranger, det var heilt fantastisk. Foto: Karrar Al-Azzawi.