Siri Helene Müller seier til Vikebladet Vestposten at ho søkjer statistar til innspeling av spennande scener på Høddvoll fredag 17. august. Ho er castingmedarbeidar på Heimebane 2.

Ho er igang med å kontakte idrettslag, ungdomsklubbar og liknande for å få tak i flest mogleg. - Me treng så mange som mogleg, gjerne opptil 200 personar, melder Müller.

Denne gongen er ikkje oppdraget honnorert.

Det er berre ein halv dag med opptak.

- Håper det er mange som synest det er gøy, spennande og lærerikt å vere med uansett, håper Müller.

Om du vil vere med som statist kan du sende ein epost til: statist.heimebane@gmail.com

Merk posten STATIST 17. AUGUST

Eller du kan ringje Siri Helene Müller: 91646791.