Vikebladet.no skreiv i går at castingmedarbeidar Siri Helene Müller søkte 200 statistar til fredag 17. august.

I dag, tysdag, fortel ho at dei har fått tak i nok born til å vere statist på Høddvoll denne dagen. Men dei treng fleire personar over 16 år som kan stille opp ein halv dag for å vere med på opptak.

Om du vil vere med som statist kan du sende ein epost til: statist.heimebane@gmail.com

Merk posten STATIST 17. AUGUST

Eller du kan ringje Siri Helene Müller: 91646791.