Småspøkelsa Dutte og Nutte rømmer heimefrå og drar ut i verda. Der møter dei ein flora av mytiske vesen frå ei trekulturell verd i nord. Dei to dagspøkelsa gjer mange sprell overfor menneska dei støter på. Undervegs møter dei nattspøkelsa Milly og Man. Det er berre eit problem: dagspøkelsa tåler ikkje mørke, og nattspøkelsa tåler ikkje lys.

Barneboka "Det spøker dag og natt / Päivän ja yön kummitukset" er ei norsk/kvensk barnebok.

Frå Ulstein

Søstrene Oddbjørg Ulstein og Agnes Wilhelmsen kjem frå Jørn-garden på Ulstein. Men dei har budd mesteparten av liva sine i Finnmark. Oddbjørg er no 87 år gamal, og Agnes fyller 100 år den 2. oktober i år. I 1942 døydde mora deira. Då var det storesøster Agnes som fekk ansvaret for veslesøstra Oddbjørg og seks brødre.

På slutten av krigen rømte brødrene Egil og Alfred Wilhelmsen frå Børselv i Finnmark til fjells. Dei vart tatt av tyskarane og måtte gå til fots til Narvik som hestepassarar. Derifrå vart dei sendt sørover. Etter kvart hamna dei på Jørn-garden i Ulstein. Der traff Egil Agnes. Dei to gifta seg og flytta nordover til Børselv. Dei fekk born, og ein gong Agnes var på besøk på heimgarden vart Oddbjørg med henne nordover, for å hjelpe å passe born. I Børselv traff ho kjærleiken: Helmer Mikkelsen. Dei to gifta seg, og også Oddbjørg slo seg ned i Finnmark.

Omsett til kvensk

Oddbjørg Ulstein skreiv denne historia for fleire år sidan. Søstera Agnes Wilhelmsen illustrerte. Histora vart første gongen gitt ut lokalt i Porsanger, som eit lite hefte.

Etter at Oddbjørg fekk Alzheimer og mista språket byrja sonen Anstein Mikkelsen å lese for henne frå det ho sjølv hadde skrive. Då kom han over denne historia om spøkelsa Dutte og Nutte. Han syntest historia var så frodig og spennande at fleire burde få glede av henne. Så no gir han boka ut på forlaget sitt, Siivet AS.

Kvenforkjemparen Terje Aronsen foreslo at boka også burde omsetjast til kvensk.

Med støtte frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet har Siivet AS no gitt ut boka i 2500 eksemplarer.

1500 av desse er alt levert til Biblioteksentralen og skal sendast ut til bibliotek over heile landet. Det er Merethe Eidstø ved Kvensk institutt som har omsett boka til kvens.

Gitt ut barnebok også tidlegare

Det er ikkje første gongen Oddbjørg Ulstein gir ut barnebok. Ho har tidlegare gitt ut boka "Kvardag" som vart gitt ut av Norsk Barneblad. Boka er inspirert av hennar eigen barndom og fortel om oppveksten til ei ung jente på ein liten gard på Sunnmøre.

Oddbjørg har også skrive teksten til Porsangervalsen og ei rekke songar og dikt. Ho har også skrive ferdig ei ny barnebok, som førebels ikkje er utgitt.