Førstkomande torsdag, 16. august, kjem Jan Inge Sørbø til Ulsteinvik for å presentere boka Nynorsk litteraturhistorie og ta folk med på ei reise i den nynorske litteraturen. Møtet er eit samarbeid mellom Ulstein mållag, Hareid mållag og Senioruniversitetet i Ulstein.

Jan Inge Sørbø (f. 1954) har fått strålande kritikkar for storverket Nynorsk litteraturhistorie, som kom ut på Samlaget no i vår. Han er professor i nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda, har skrive fleire skjønnlitterære bøker og har også skrive bøker om Hans Skjervheim, Olav Aukrust, Arnold Eidslott, Alfred Hauge, Ronald Fangen, Alexander Kielland og Arne Garborg.

I Nynorsk litteraturhistorie gjev Sørbø eit heilt nytt perspektiv på norsk litteratur. Han viser korleis nynorske forfattarar både har forma dei litterære normene i periodane dei levde i – og opponert mot dei.

Aasen protesterte mot nasjonalromantikken, og Vinje dreiv gjøn med bondeforteljingar og idealiseringa av bøndene. Garborg var ein eksemplarisk naturalist, men braut deretter med denne retninga. Dei nynorske forfattarane var seint ute til høgromantikken, men til gjengjeld var dei modernistiske pionerar.

Utviklinga av det nynorske skriftspråket har sytt for at røyster og røynsler frå heile landet har fått innpass i litteraturen, og at det har vorte skrive bøker frå småbruk og fiskevær på eit språk som reflekterer mang ein lesar sin eigen måte å tenkje og snakke på.

Arild Torvund Olsen