Då Amundsen forsvann

Hallvard Holm gjestar Ishavsmuseet med foredrag om Roald Amundsen og "Latham"-ekspedisjonen

Holm frå Hareid: Hallvard Holm, opphavleg frå Hareid, kjem førstkomande fredag til Ishavsmuseet for å fortelje om Roald Amundsen og "Latham"-ekspedisjonen 

Kultur

Framleis er det ingen som sikkert veit kva som skjedde med Roald Amundsen og flyet "Latham" då det forsvann under ein leiteaksjon etter italienaren Umberto Nobile og luftskipet hans "Italia" sommaren 1928. Umberto Nobile kom til rette, men kva som skjedde med Roald Amundsen og resten av flymannskapet er ei gåte.

Tidleg på hausten samme år fann fiskebåten "Brodd" frå Hareid ein av flottørane til flyet.

Førskomande fredag kjem Hallvard Holm til Ishavsmuseet på Brandal for å fortelje om både Roald Amundsen og den fatale leiteaksjonen.

Hallvard Holm er opprinneleg frå Hareid. Han arbeidde i 28 år som rektor og skulesjef på Svalbard, men bur no i Drøbak. Han er svært oppteken av polarhistorie, og har dei siste åra hatt som hobby å halde fordrag om Svalbard, Nansen og Amundsen.