Samlar inn pengar til Barnekreft-foreininga i Møre og Romsdal

I fjor samla dei inn 130.000 kroner. No har Grethe-Karin Moldskred og barnebarna starta ein ny innsamlingsaksjon.

Innsamling: Siri-Lill og Kristiane selde lodd til inntekt for Barnekreftforeininga på Amfi laurdag. Det er Grethe-Karin Moldskred som står bak aksjonen, som skal halde fram til ut november.  Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Kultur

Laurdag var Grethe-Karin Moldskred på plass på Amfi i Ulsteinvik saman med Siri-Lill Moldskred Hasund og Kristiane Moldskred. Der selde dei lodd til inntekt for Barnekreftforeininga i Møre og Romsdal. Samstunes hadde dei loddsal også på Blåhuset.

Grethe-Karin Moldskred fortel at dei skal halde fram med innsamlinga ut november og at det blir fleire høve til å treffe loddseljarane i tida framover.

I fjor kunne ho og Siri-Lill overrekke ein sjekk på 130.000 kroner frå «Besta til Siri-Lill sin aksjon». Det skjedde under julelunsjen til Barnekreftforeinga i fylket. Planen er å gjere det same i år.

Familien fekk kjenne kreftsjukdomen på kroppen då Siri-Lill vart diagnostisert med akutt leukemi hausten 2016.

Under behandlinga på St.Olavs fekk familien sjå den store innsatsen mange frivillige gjer for dei sjuke barna.

På eit informasjonsskriv om lotteriet skriv Grethe-Karin Moldskred:

«Det var pizzakveldar, underhaldning og andre overraskingar som gjorde kvardagen litt lysare. Desse lyspunkta gjorde at ein fekk anna å tenkje på i ein tøff situasjon. No har vi satt i gang eit lotteri til Barnekreftforeininga, slik at andre barn skal få desse avbrekka på sjukehuset.»

Lotteriet skal trekkast 30. november.