Vert aldri klok på Amundsen

Det er framleis mange gåter knytt til vår store polarhelt Roald Amundsen. Hallvard Holm freista å kaste litt lys over nokre av dei, men dei fleste vil nok for alltid vere uløyste.

Museumsstyrar Webjørn Landmark overrekkjer boka om Polarstar til Hallvard Holm med ei von om at han ikkje har denne i si store samling av polarlitteratur. 

Kultur

Den utflytta hareidsølen kom på sett og vis til sine eigne då han heldt foredrag på Ishavskvelden på museet i Brandal fredag. Og hans eigne tok vel i mot han.