Blir sendt på NRK 4. oktober:

Program om selfangstskuta Polarstar

Den erfarne NRK Møre og Romsdal-journalisten Sissel Brunstad og fotograf Øyvind Berge Sæbjørnsen har laga innslaget.

Stillbilde frå programmet.  Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen/NRK.

Kultur

Ishavsskuta og klenodiet Polarstar med heimehamn på Brandal hadde gjort si trufaste teneste gjennom fleire tiår i Ishavet, og heldt på å ruste opp og risikerte å bli gjort om til spikar. Men kultur- og historieinteresserte Willy Nesset frå Hareid ville det som kjent annleis. Etter fleire års iherdig arbeid og over 20 millionar kroner som innsats, klarte han å redde den aller første fangstskuta i verda bygda av stål. Med på laget hadde han lokale entusiastar, riksantikvaren, eit skipsverft i Polen og Ishavsmuseet på Brandal. Med det blei ein bauta i norsk selfangst berga. Det skriv NRK Møre og Romsdal i ei pressemelding.

Båten har som kjent vore ein viktig del av sjela til ishavsbygda som utgjorde eitt av dei viktigaste selfangstmiljøa i Noreg like frå 1898. Til saman nær 50 selfangstskuter hadde Hareid og Brandal som heimehamn. Mang ein ung tenåring drog til Ishavet alt som 14-åring. 

I programmet får ein sjå glimt av det eventyrlege livet til den gamle, ærverdige skuta, møte dramatikk og kamp på liv og død på felta, og ein får eit glimt av den otten kvinner og barn hadde medan mann og far var i Ishavet. NRK var også med om bord, møtte entusiasten Willy og opplevde den store gleda hos bygdefolket då den gamle, stolte skuta endeleg kom nyrestaurert og skinande vakker tilbake til heimbygda.


Innslaget er laga av journalist Sissel Brunstad og fotograf Øyvind Berge Sæbjørnsen ved NRK Møre og Romsdal. Programmet blir sendt på NRK1 torsdag 4. oktober kl. 22.40.