Parr og Kaldhol nominerte til ærespris etter Lindgren

Kultur

Både Maria Parr og Marit Kaldhol er nominert til Astrid Lindgren Memorial Award 2019 (ALMA). Denne minneprisen etter Lindgren vart oppretta i 2002, og er verdas største barne- og ungdomslitteraturpris.

Det er 246 kandidatar frå 46 ulike land som er nominert til å vinne prisen. Lista over dei nominerte er ei gullgruve for alle som er interesserte i barnelitteratur.

Kven som vinn blir klart 1. april 2019. Vinnaren får fem millionar svenske kroner.

- Oi, det var utruleg stort og kjekt, så Maria Parr då Framtida ringte henne.  

Liste over dei nominerte frå Noreg:

Lene Ask, illustratør

 Rune Belsvik, forfattar

 Gro Dahle, forfattar

 Harald Rosenløw Eeg, forfattar

 Fam Ekman, forfattar/illustratør

 Anna Fiske, forfattar/illustratør

 Stian Hole, forfattar/illustratør

 Marit Kaldhol, forfattar

 Gry Morsund, forfattar/illustratør

 Svein Nyhus, forfattar/illustratør

 Maria Parr, forfattar

 Bjørn Rørvik, forfattar

 Øyvind Torseter, illustratør