Arrangerer konsert i Hareid kyrkje 21. desember:

Den nye førjulstradisjonen

Etter stor suksess med første forsøket på «Min favoritt» i fjor gler aktørane seg til å ta over Hareid kyrkje 21. desember.

Min favoritt: 21. desember skal denne gjengen skape julestemning i Hareid kyrkje. «Min Favoritt» blir arrangert for andre gong. Bak frå venstre: Ingvild Kirkebø, Markus Moltumyr, Johannes Bjåstad, John Arne Apelseth, Ingmar Mork. 2. rekke frå v. Eileen Hareide Brandal, Unni Riise Apelseth. BK piano; Vibeke Holstad, Lovise Yri, Sissel Anita Riise, Wenche Iren Roppen, Ingvild Brandal Mork, Tina Brandal. På pianokrakken; Svenning Veiseth og orkesterleiar Ida Teige. Foto: Andreas Bjerknes  Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Kultur

Det har lenge vore tradisjon for å synge og spele inn jula i Hareid kyrkje, men i fjor starta ein også med det ein håpar skal bli ein ny tradisjon i førjulstida på Hareid. 21. desember inviterer Hareid kyrkje til andre utgåva av «Min Favoritt».

Dit kjem eit solid knippe dyktige vokalistar og musikarar, som alle skal gjere sitt for å skape vakker julestemning i kyrkja.

Mange flinke artistar

Kvifor starta de med «Min Favoritt»?

– Under «Vi syng og spelar jula inn» er alle korpsa og kora i kommunen med, men vi har mange solistar som dett litt i mellom, i tillegg til mange flinke ungdomar som vi har blitt kjende med gjennom både konfirmasjonstida eller Ten Sing. Det er så mange flinke folk som ikkje kjem med på «Syng og spelar jula inn» at vi følte for å ha ein konsert til. Og så er det jo veldig kjekt med julekonsertar, smiler kyrkjelydspedagog Barbo Landmark i Hareid sokn.

Ho legg til at det også har vore ein del snakk i bygda om ikkje ein kunne ha ein slik konsert.

– I fjor var Iris Tangen Nanseth med som orkesterleiar og ho spurte om ikkje vi kunne gjere slik som dei gjer i Vik. Det gjer vi ikkje, men lagar ein litt annan type konsert enn det dei gjer der, held Landmark fram.

Det ser også ut til å vere eit etterlengta konserttilbod, for då den første konserten vart arrangert i 2017 var kyrkja nærast breiddfull.

Må bli ein tradisjon

Tilbakemeldingane etter fjorårskonserten var også svært positive.

– Vi fekk klar beskjed om at dette var noko vi må gjere til ein tradisjon. Eg trur folk har litt forventningar til det vi skal kome med og vi er klare til å gje alt! slår Landmark fast.

Også artistane ser ut til å sette pris på den nye tradisjonen.

– Då eg sende ut førespurnadar i sommar så var veldig mange kjapt på og svara at «Yes! Dette vil eg vere med på».

Difor oppmodar både Landmark og artistane om å sikre seg billett tidleg. Førehandssalet startar måndag på Trådkråa. Ho legg til at alle inntektene frå konserten går til arbeidet med kyrkjelydshus.