Mitt hjerte alltid vanker

Hareid kyrkje: CorSonus 

Kultur

I kveld vil CorSonus gjere alt som står i si makt for å skape ei god forjuls-stemning for publikum i sine to konserter i Hareid kyrkje (8.desember)

CorSonus, med dirigent Iris Kristine Tangen, er eit relativt nytt damekor frå Hareid, - og har sidan starten på hausten i 2015 hatt fokus på å finne spennende og spenstige arrangement som gir både songarane og tilhøyrarane noko å bryne seg på.

CorSonus har valt ut songar med stor variasjon, alt frå dei tradisjonelle norske julesongane, så vel som dei nye som har blitt oss veldig kjære. Her vil det bli litt for alle, og vi håper at den gode julekjensla vil falle på plass i løpet av konserten. Velkomne skal de vere!


Eileen H Brandal