Historier frå ishavet skal fenge nye generasjonar

Ei gruppe studentar frå Høgskulen i Volda har laga reklamefilm for Ishavsmuseet Aarvak i Brandal. – Resultatet vart noko heilt anna enn det vi hadde sett for oss, seier museumsleiar Webjørn Landmark.

Studentar frå medieproduksjonslinja ved Høgskulen i Volda har vore i Brandal og laga reklamefilm for Ishavsmuseet Aarvak.  Foto: Dag S. Roland

Kultur

Filmar på Instagram og Facebook skal vekkje interesse for gammal ishavskultur og hjelpe Ishavsmuseet Aarvak å nå ut til til nye grupper.